tirsdag, februar 27, 2007

Den dårlegaste filmen eg har sett - nokosinne

...eller i alle fall er den på topp tre.
(Mars Attacks var også krisedårleg.)

Det er ikkje mykje film eg ser, og då går eg vanlegvis berre for filmar eg har høyrd mykje bra om på førehand. Så på Platekompaniet i helga skulle eg vera ellevill og spontan, så eg kjøpte ein film som eg aldri hadde høyrd om. Det gjer eg ikkje igjen på ei stund.

Det var mykje som kunne tala for Elisabethtown:
1. One to watch-merke
2. Kirsten Dunst
3. Og Orlando Bloom

Han er vakker, og det tør eg påstå ho er og. Dessutan har eg sett gode filmar med begge før.

Men for å dra dei heilt store linjene:
Drew Bailor (Orlando Bloom) har gjort ein tabbe, noko som kostar skodesignfirmaet nesten ein milliard dollar (Hallo! Ein MILLIARD DOLLAR!) Han får sparken. Difor går han heim og monterer ein kniv på snedig vis på trimsykkelen, men akkurat i det han skal ta livet sitt ringer systra. Faren er død, og det har skjedd i heimstaten hans ei lang flyreise unna. Drew må henta han. Drew gjer det. Men han svergar på at han skal heim til sykkelen og kniven etterpå. På flyturen møter han den ekstremt rare flyvertinna Claire (Kirsten Dunst). Ho skravlar i eitt midt på natta og er overmenneskeleg blid.

Resten av filmen inkluderer mellom anna ein del umotivert dansing i skog og på bruer, mange klisjefylte kommentarar og ansiktsuttrykk, og ei enke som steppar og fortel vitsar i gradferda til mannen sin. Å forklara den ukjende familien til faren ville vore ein blogpost åleine.

Claire dukkar sjølvsagt opp på dei underlegaste plassar, med dei mest surrealistiske kommentarane og dei mest overpåklistra smila eg har sett. Drew lar seg sjarmera.

Dette er to historiar vevd saman:
1. Guten som mistar ein far han aldri kjende
2. Ei kjærleikshistorie mellom Drew og Claire

Dessverre klarar ikkje Bloom å utnytta nokon av dei. Fårete mimikk og klønete replikkar gjer det til ei flau og klam og litt sånn no-MÅ-den-snart-vera-over-oppleving. Nettstaden Highlightzone treff spikaren på hovudet:

Ein Problem ist auch Orlando Bloom, der zwar als Elb und Schwertmeister recht überzeugend sein kann, aber in diesem Gegenwartsfilm ehe deplatziert wirkt und nur höchst selten vermittelt was denn nun eigentlich mit diesem Drew los ist.

Terningkast 1.

søndag, februar 18, 2007

Fritt etter Ambjørnsen: Trondheim er ein by



...og etter norsk målestokk er Trondheim ein stor by.



Her skal eg bu dei neste to månadane, og det kjennast heilt skjønt. Eg skal tusla i nye gater, oppdaga nye kaféar, kikka inn i stovene til nye folk og nyta anonymiteten ein såpass stor by tilbyr.

Utanfor vindauget mitt er det bussar og hundar og folk. Innanfor er det ein pult, ei seng og eit skap. Innmed den eine veggen står ein einsam spring og heng med hovudet. Ein gong var den viktig og uunnverleg, no har den fått ein blank plastikkpose over hovudet. Det som ein gong må ha vore ein vaskekum, er dekka heilt av ei stor treplate. For sikkerhets skuld har han eg leiger rommet av skrive lapp om at eg ikkje må bruka vasken. Takk for tilliten, ja.

Lenger inne fins eit fellesrom med kjøkken og to arkitektstudentar. Døra inn til leilegheita har nok sett betre dagar, og dusjslangen dett heile tida ut frå under krana, slik at ein endar opp med eit fotbad i staden, men eg likar plassen godt. Den har sjel. Her har det budd så mange studentar at eg vert reint poetisk ved tanken. Resten av det gule huset inneheld tre andre kollektiv, og dei inviterer kvarandre på vorspiel med gule lappar på dørene om at "i kveld blir det bråkete her, kom og bli med!"

I mitt latterleg billege flysete på veg frå skarrebyen i ettermiddag saumfarte eg BT. Eg leste leiaren, kronikkane, alle sakene, notisane - ja, endåtil dødsannonsane. Eg måtte flira då eg kom til horoskopet:

[...] Du vil få mye igjen for den innsatsen du gjør fremover, så ikke vær redd for å stå på!

onsdag, februar 14, 2007

På valentinsk vis


I utgangspunktet likar eg ikkje dagar handelsstanden bles opp.

Ikkje har eg kjæreste - og eventuelle beundrarar er av den svært tilbakehaldne sorten.

Blomen måtte eg pent finna sjølv.

fredag, februar 02, 2007

Ringskjømt






Viss eg nokosinne skal rissa noko inn i ein giftering,
skal eg skriva Hei di.