mandag, mai 30, 2005

Slagkraftig overskrift

NRK nett melder i dag at:

Politifolk som slo blir sparket


Det må vel vera eit stjerneeksempel på auge-for-auge-tankegongen?

Eg nyttar eit litterært verkemiddel

Kjempeidè å opna pensumbøkene to dagar før eksamen.

Anbefalast.


(og dei seier vestlendingar ikkje kan ironi. Phah.)

lørdag, mai 28, 2005

Kva er "bekjennelser" på nynorsk?

Det er morgonen etter ein fest, eg har gått tidleg heim kvelden før, like tidleg som alltid, har blitt minna på at eg ikkje er noko nachspiel-menneske, i så måte er eg nok ein dårleg student, morgonen er grå, eller nesten kvit, men framleis ikkje munter, og Volda er livlaus, frukosten smakte ingenting, nysteikte rundstykker til tross, forkjølinga er enno eit lite, men påståeleg faktum, med medieavslutninga i går som eit fint punktum er nesten alle vårjobbar unnagjort, eg er ikkje lenger Radio Volda-arbeidar, Demostasjon-programleiar, Vekeradio-representant, teknikar for studentradioprogrammet Spilt melk eller publikumsprisansvarleg på Den norske dokumentarfilmfestivalen, ikkje ein gong medievitskapseksamen-lesande, no er det berre journalistikkeksamen og tillitsvaldoppgåva igjen, men det er vel ærleg talt ikkje berre berre det heller, og så er det andre ting som er viktigare enn skulegreier i blant, leiligheita er i uorden og det er livet og, og då hugsar eg at det er faktisk ikkje alt ein har kontroll med, og at ting ikkje alltid går slik ein tenkte, og så tenker eg at i blant er det kanskje like greitt, så har eg ikkje bekymra meg forgjeves.

torsdag, mai 26, 2005

Ein dag i eit liv

Dette var liksom dagen.
Lesedagen!

Fem dagar til eksamen i journalistikk. Lite stoff unnagjort. Mykje å læra.

Har til og med alarmen på. Oppe klokka ti. Må ein liten tur innom nettet. På badet. Frukost. Ops - klokka er 12. Må nett opp på skulen ein tur. Skal henta mikrofonen som me skal låna til medieavslutninga i morgon. Og når eg først er her, må eg nett innom radiostudio. Skal ta ut eit par saker som eg vil ta vare på. Vert visst ni. Tar ei tid.

Heime igjen. Skal lesa. Må nett ta oppvasken. Reint no. Må nett planlegga litt pensumlesing med Jane. Me har visst langt igjen. Demotiverande. Må nett vinna eit par runda kabal på nett. Oj - sulten. Må nett ha middag. Godt med mat. Må nett vaska opp etter meg.

Innser at eg har hatt ein umenneskeleg innhaldsrik dag. Må definitivt loggførast. Skal nett gjera det. Så er det lesetid.

Åneiånei. Støv i vinduskarmen.

onsdag, mai 25, 2005

Stabbursferie i Ørsta

Denne saka er vel ikkje av det ferskaste slaget, men den er så triveleg at eg legg den ut likevel.
Eg fekk storfint besøk for tre helger sidan. Ein bil full av M'ar kom køyrande frå Strilelandet: Mamma, mormor, morfar og lillesøster Maibel Anita tok turen oppover.
Me leigde eit stabbur i Ørsta og hadde ei kjempehelg.



Jordbærkvelds er nammis!

Ein tur rundt i Ørsta, ein tur rundt i Volda, omvisning på skulen, synfaring i leiligheita mi og tur på kinarestaurant. Der var vel sånn omtrent programmet vårt. Obligatorisk. Men kjekt.



Høgre: Meg. Venstre: Beste dama eg kjenner.

Namnepåpeikingssaken

Før journalistikk-eksamen på tirsdag, har eg fått i oppgåve å lesa heftet "God, kritisk journalistikk skal ikke straffes", skrive av leiaren i Norsk Redaktørforening, Nils E. Øy.
Der skal han læra oss å ærekrenka på ein sånn måte at me ikkje kan bli straffa for det. Som pedagogisk verkemiddel, tar han oss med på ei spanande reise gjennom dei ærekrenkingssakene som har vorte reist mot media dei siste 30 åra.

Du vil ikkje tru kor mange snodige namn desse sakene har.
Eg tillet meg å setja opp nokre lister.

Namn som ein kunne venta seg:
Privatbrevsaken
Naturvernsaken
Ordførersaken
Innvandrersaken

Namn ein kanskje ikkje venta seg:
Petter Smartsaken
Papirklubbsaken
Margarinmannsaken
Redaktørkonesaken

Namn som pirrar:
Demonsaken
Avlyttingssaken
Prostitusjonssaken
Gråtefarsaken

Namn som må seiast fort ti gongar:
Etikktaktikksaken
Dataslanksaken
Flyktningfotosaken
Ginsengsaken

Namn som talar til fantasien:
Bygdesladdersaken
Ørebitersaken
Popsexsaken
Puppeshowsaken

Namn som sa seg sjølv:
Oppsiktsaken
Anmeldelsessaken
Kriminalitetssaken
Rettssaken (OK - den fann eg på sjølv)

Namn som berre kan brukast ein gong:
Originalsaken

Intet ristetalent

Eg er snart komme til bunns i hostesafta mi.
Smaken av tyrkisk pepper (flytande ja) vert meir påtrengande for kvar gong.

Lure-liste:
Som du visste -
man må alltid riste.
Da blir de ikke så triste,
de siste.

tirsdag, mai 24, 2005

Image-building

- som bloggar må eg vera høg på meg sjølv
- som journaliststudent må eg visst også det (sjekk jane sitt lille utelivsreferat)

1.Ta den boken som ligger nærmest deg, slå opp på side 18 og finn den fjerde linjen. Hva står det?
"Uten dem er vår tilstedeværelse mindre variert, og vi glemmer å betrakte andre og se oss selv." (Louis de Bernières: Fugler uten vinger)

2: Strekk ut venstrearmen så langt du kan. Hva berører du først?
Det næraste eg nokonsinne kjem til å komma eit kjæledyr; pynte-bikkja mi. Søt liten sak, som pleier å liggja oppå laptopen når eg er vekke. Nesten ekte.

3: Hva var det siste du så på TV?
Oj. Skal eg hugsa sånt? Eg har ikkje TV sjølv, så det må ha vore hin kvelden hjå Åge A. Sikkert Letterman eller CSI Miami.

4: Uten å kikke, hvor mye tror du klokka er?
1728

5: Nå kan du se. Hvor mye ER klokka?
1736. Ikkje så verst det?


6: Bortsett fra PC-en din, hva kan du høre akkurat nå?
Behageleg lite. Røysmarka er ein fantastisk roleg studentheim. Her bur alle dei som har verpa før studiene var unnagjort. Og så meg då.

7: Når gikk du sist ut av huset? Hva gjorde du?
For snart tre timar sidan. Me hadde siste møtet om medieavslutninga, som me skal ha no på fredag. Det heile har vore ei veldig forhasta greie, fordi ingen av oss tenkte på at det er dei tillitsvalde si oppgåve å arrangera det. Ganske logisk i grunn, men me tenkte altså ikkje så langt. Men det vert no avslutning. Med 120 av 250 potensielle deltakarar. Er ikkje så verst det. Berre ikkje så himla bra heller.

8: Hva så du på før du kom til denne websiden?
Sjekka om Jane eller Åge A hadde blogga noko i dag. Du veit - når ein har oppdaga nye (!) og spanande fenomen, er ein gjerne litt ivrig i starten. Var forøvrig på Jane-sida eg fann denne.

9: Hva har du på deg?
Nei uff, no fekk eg litt kvelefornemmelsar. For eit slibrig spørsmål.
Eg har ein behageleg blå gensar og eit langt svart skjørt. Må jo leva opp til skjørtebertestatusen eg fekk på folkehøgskulen.

10: Drømte du i natt?
Trur ikkje det kan ha vore voldsomme greiene.

11: Når lo du sist?
For ein time sidan. Møter kan vera riktig triveleg tidsfordriv.

12: Hva henger på veggen(e) i det rommet du befinner deg i?
I kjent Heidi-stil: Veldig lite.
Rett framfor meg, over pulten, heng tre bilete i svarte og kvite nyansar; av mamma og mine to brødre Thor-Bjørnar (19) og Åsmund (16).
På veggen bak meg, over sofaen, heng tre bilete frå ein trappeoppgang. Skulle gjerne skrytt på meg at dei var sjølvknipsa, men må nok gi Ikea den æra.
På veggen til venstre, mellom vindauga, heng ei svart ramme med brudebiletet til Ann og Morten. Gode folk heimefrå!
Veggen til høgre er nesten ingen vegg i det heile. Ei velfylt bokhylle tar mykje plass, det same gjer eit like velfylt klesskap og dei to store, tunge institusjonsdørene (døra er stygg, men -HEY- eige bad!). Den einaste veggpryden der, er ei lita ramme av meg og Thor-Bjørnar på familiefestnachspiel frå i sommar, og to svarte rammer med bestevenninne-frå-6-års-alderen Eli og super-lillesøster Maibel Anita (10). Prinsessepynta på biletet. Sjølvsagt.

13: Sett noe snålt i det siste?
På den fronten har Volda imponerande mykje å by på.

14: Hvilken film så du sist?
Øhm. Det må ha vore den fine med ein like fin neger i kilt; 51st State.

15: Hva ville du kjøpt først dersom du ble mangemillionær over natten?
Sko til medieavslutninga. Eller fred på jord.

16: Fortell meg noe om deg selv som jeg ikke vet.
Eg kan ikkje plystre.

17: Hvis du kunne endre én ting i verden, uavhengig av politikk eller skyld, hva ville det vært?
Eg ville hjulpe Jane med å minka andelen Folk Flest.

19: Liker du å danse?
Tja. Fin aktivitet på rette staden, til rette tida og med rette musikken. Kjem altså an på situasjonen sin Kairos (NORA! Eg har lært noko! Står eg på mev-eksamen no?)
Om eg er flink til det, er jo eit heeeilt anna spørsmål. Men har medfødd talent for magedans.

20: Driver George Bush virkelig på med Dick Cheney?
Don't wanna know.

21: Hvis ditt første barn blir ei jente, hva skal hun hete?
Det har eg verkeleg ikkje tatt stilling til. Lovar å gi beskjed når det vert aktuell informasjon.

22: Kunne du tenke deg å bo i utlandet?
Ja takk. Utanriksreportar? Gjerne!

mandag, mai 23, 2005

Tid for sjølvransaking

Jaja - trur faktisk eg landa med jord på begge beina denne gongen og.

Me skulle skriva to av tre oppgåver.
Så eg skreiv den eg kunne.
Og litt på ei anna.

Det gjekk i alle høve betre enn eg fortener.

Men som min Holmenkoll-rare Petter-venn ville sagt;
- Jeg tar selvkritikk!
Neste semester skal eg lesa meir enn ein femtedel av pensum.

Trur eg.

Flying start for this blog

All logikk tilseier at denne bloggen måtte bli til akkurat no.

Ei natt med antakeleg middelmådig tilfredsstillande søvn er det einaste som står mellom meg og det som er dømt til å bli ein suksesseksamen.

15 studiepoeng i medievitskap skal roast i land til klokka tre i morgon ettermiddag. Eg kjem til å trenga padlereiskap med åre i begge endar. Seriøst. Eg har aldri nokonsinne vore så dårleg førebudd ni timar før ein eksamen før.
Det har vel i grunn to forklaringar;
- eit urimeleg tal timar brukt på mange forskjellige studentaktivitetar, har resultert i eit like urimeleg tal timar ledige for pensumlesing
- pensum er litt urimeleg det og. Det er jaggu mykje i den medievitskapen ein ikkje treng for å bli journalist. Faderheller.

Kombinert med ei seig forkjøling, gjer alt dette at eg veit det går gale i morgon. Det må det. Velvel - eg har fått gjort mykje anna. Leiligheita er til dømes aldri så rein som i dei periodane eg har mykje å lesa.
Nyklekka blog vart det jammen og.

Blogging har stått for meg som noko for folk som er litt høge på seg sjølv. Det gjorde i alle fall det då eg fann ut kva det var. (Noko som ærleg talt ikkje er så veldig lenge sidan.) Eg har i alle fall skifta syn på saken. Med mindre eg har gått i fella sjølv.

Noko skal ein då vera høg på.