torsdag, juli 27, 2006

(Skjømmes - skumrast, brenna ut)

Dagen har stemt
strengan mot kveld,
enda skin toppan
av solglødde fjell,
snart skal dæm slokne og gjømmes
- tenn ikkje lys,
la det skjømmes

Sommaren kom
reiste så stilt,
hausten sitt slør
famne oss mildt
no kan det lengtes og drømmes,
- tenn ikkje lys
la det skjømmes

Glea og sorg
alt har sin tid,
daga blir fødd,
reise førbi,
blomstra skal frøes og glømmes
- tenn ikkje lys,
la det skjømmes

Tenn ikkje lys
la meg få se
natta som kjem
slik som ho e
ingen førr tida kan gjømmes
- tenn ikkje lys,
la det skjømmes

Helge Stanges

tirsdag, juli 25, 2006

Strilelandet er eit anna land

Norsk-pakistanske Kanwal, Oslo, 24.07.06, ca 13.30:

- Oj. Heidi? Med briller og bustehår og dobb i nesa ser du...ehm...
- !?
- ..nesten litt eksotisk ut.

lørdag, juli 22, 2006

Eg tek deg igjen midt oppå Strynefjellet

Eg heng meg på.

Du køyrer forbi mange.
Eg køyrer forbi dei same.

Du skal visst same vegen som meg.
Eg køyrer etter deg heilt til Otta.

Du blinkar og skal av vegen.
Eg viftar vekk ei fluge.

Du vinkar tilbake.

tirsdag, juli 18, 2006

Du veit du treng ferie når...

...du for å høyra ei lydfil på datamaskina trykkjer på Play, løftar opp telefonrøyret - og kvepp til når du høyrer summetonen.

mandag, juli 17, 2006

Rekordsommar

Eg har sett mange rekordar i sommar.

I helga var eg til dømes ein av dei over 11.000 som var med på å setja publikumsrekord på countryfestivalen på Breim. (Og T-E T-R kan med det få gå tilbake på det han sa til Næravisa i fjor om at radiostudentar frå Volda er snobbar.)

Vidare har eg hatt rekordstore utgifter på ei månadsløn. Briller og USA-tur kom til saman på over 11.000 kroner, utan at me går meir inn på kva som kosta kva.

I dag har eg drepe rekordmange fluger. Eg kom ut av teljinga på 18.

Og sist - men på ingen måte minst, har eg hatt eit rekordartig liv både på jobb og på fritida. Kollegaene mine er bunnsolide både før og etter klokka 16.

The American Dream

...er vel ikkje noko eg ber på sånn til dagen. Men det skal absolutt bli fint å komma tilbake ein tur.

Mine to ferieveker legg eg nemlig dit i år.

Siste august ber det av garde med to kollegaer og to kompisar av han eine. Me skal besøka ein tredje kollega-kompis, som jobbar i Texas-olja. Med 7-seteren hans skal me rekka over Houston - Grand Canyon - Las Vegas - San Francisco - Los Angeles på to veker.

Av alle dei plassane er det berre Houston eg ikkje har sett før, men det er heilt i orden. Det er uansett annleis å oppleva Las Vegas med eit-par-og-tjue 19-åringar frå folkehøgskulen, enn med seks mannfolk som alle har passert dei 30.

onsdag, juli 12, 2006

Tankar frå TV-stolen

Eg er antakeleg så langt frå ein TV-slave som du kjem.

Det kan gå veker mellom kvar gong eg slår på boksen.
Dette burde eg som NRK-tilsett antakeleg ikkje innrømma, men men.

Og når eg først seier ting eg ikkje burde:

Gratulerer, TV2!
Den nye tirsdagsserien dykkar er ein innertiar.

Grey's Anatomy er ung, kul og hipp - men likevel både interessant og intelligent.

Ellers lite nytt.

tirsdag, juli 11, 2006

I førdianaren sine fotefar

Photobucket - Video and Image Hosting

Hans Jakob Reite er underleg, men han skapar i alle fall liv i leiren.

Photobucket - Video and Image Hosting

Som sunnmøring ser han pengar i det meste, også i Førde.

Photobucket - Video and Image Hosting

No viser han byen fram til både førdianarar og turistar.

Photobucket - Video and Image Hosting

Ruta går i eit 8-tal...

Photobucket - Video and Image Hosting

...den tar 88 minutt...

Photobucket - Video and Image Hosting

...er for maks 8 deltakarar...

Photobucket - Video and Image Hosting

...og kostar 88 kroner.

Photobucket - Video and Image Hosting

(Og eg treng ein ven med Photoshop.)

tirsdag, juli 04, 2006

Brillefine dagar

mandag, juli 03, 2006

Helsing Bertholt

"Hva gjør du", ble herr K. spurt, "når du møter et annet menneske?"

"Da lager jeg et riss av det, og sørger for at det begynner å ligne."

"Hva er det som begynner å ligne? Risset?"

"Nei", sa herr K., "mennesket."

(Historier om herr Keuner, Bertholt Brecht.)