søndag, juli 31, 2005

Ferie på bloggfronten

No er bilen rein og tannkosten pakka. I morgon set eg og ni andre familiemedlemmer nasa mot austlandet og gøy i Sommarland. Bø i Sommarland. Sommarland i Telemark. Etter to dagar der satsar me på sol og sommar i Kragerø.

Første campingferien på nesten 20 år. Detta vert stas!

fredag, juli 29, 2005

Elegant galskap

Eg visste det måtte finnast ein djupare grunn for at eg ikkje vil gå med høge hælar.

torsdag, juli 28, 2005

Reisefeber

La meg sei nokre ord om det å reisa.



Eg er eit typisk reisande menneske. Eg elskar å vera på nye stader, og å møta menneske eg ikkje ser elles i kvardagen. Problemet er at eg elskar å reisa til, men eg kan ikkje fordra å reisa frå. Og det gjeld alltid. Difor er bortimot alle flyreiser triste i starten og glade mot slutten. Er ikkje det litt bortkasta tid?

Eg begynte å tenka på dette i sta. Det er framleis over to veker til eg skal oppatt til Volda, men eg måtte nett sjekka når bussen min går. (Eg er også eit typisk planleggande menneske.) Den turen kjem til å bli akkurat sånn. Fram til første ferje kjem eg til å få tårer i augene ved tanken på å reisa frå lillesøster og alle her. Men når det nærmar seg siste ferje og Volda er innan augevidde, kan eg ikkje komma av bussen fort nok.

Nokon som har nokre gode triks for å verta kvitt slik meiningslaus reisesjuke?

mandag, juli 25, 2005

Heilt grønsak

Takk Gud for agurksesongen.

DER var siste sommarjobben unnagjort, og ferien er eit herlig uomtvisteleg faktum

Deilig! :-)

fredag, juli 22, 2005

Komma meg her og komma meg der

etter to veker i lokalavisa
innser eg
kor skrekkeleg
glad
eg er for at radiolyttarar
ikkje
kan vurdera min kompetanse
når det gjeld
kommareglar

torsdag, juli 21, 2005

Valgerd all over the place

Bokklubben gjer det skarpt i omtalen av erotikk-boka "Ut av redet" av Anaïs Nin.
------

Dette er tidenes beste erotiske noveller! De er sanselige og eksotiske, skamløse og vakre - og det er ikke mye som blir levnet til fantasien...

Enkelte av novellene kan virke støtende.

mandag, juli 18, 2005

Faderheller då

Javel. Eg er feminist. No er det ingen veg tilbake.

Bergens Tidende har eit intervju i dag. Det gjorde meg litt sint, og litt oppgitt, men mest av alt trist.
BT har vore på ungdomsklubben og møtt Hanne Vatnøy, 21 år gamal kristen syngedame og lokalkjendis i Hordaland.
Ho meiner på ramme alvor at "kvinnen er underordnet mannen" og at "kvinnen skal underordne seg mannen hjemme og i menigheten". Derimot meiner Vatne og venninna at det er litt annleis i arbeidslivet, fordi kvinna ofte har andre eigenskapar enn mannen. Difor er kvinnene i det minste skikka for enkelte typar leiarstillingar.

Då bør altså eg -og mange med meg- skru ned ambisjonane, og heller jakta på ein smart mann som kan tenka for meg og fortelja meg kva eg skal gjera og meina.

Er det naivt å tru at verda kan gå framover sjølv i religiøse miljø?

søndag, juli 17, 2005

Spenstig moro på hyttetur

tirsdag, juli 12, 2005

Sjølvmord i journalistikken

Då eg høyrde korleis Ole Christian Bach enda livet sitt i går, bestemte eg at det definitivt var verd ein blogpost.

Unge Øye meg i forkjøpet med eit riktig bra innlegg.

Eg nøyar meg difor med å senda deg vidare til han.

søndag, juli 10, 2005

Tid for tristhet

Det er så mykje eg skulle ha blogga om, og så mange eg skulle ha uttrykt sympati for. Terror i London etterlater mykje sorg og tristhet, det same gjer ein stakkar liten femåring som så meiningslaust druknar i badebassenget.
For enkelte hendingar fins det berre ikkje ord.

onsdag, juli 06, 2005

Det fjerde bodet? Check!


Flinke damen. Flink!

Ho vart åleinemor for tre (og ein halv) etter å ha passert dei 40. Sidan det har ho gjort unna to år på skulebenken, med påfølgjande seint-og-tidleg-jobbing for å få mat i saltet. No tar ho steget heilt ut og skriv snart under på kontrakta som sikrar eit flett nytt liv i eit flett nytt hus.

Og i dag, folkens - i dag kom gledesmeldinga! 60 % fast stilling. På natt. I helsevesenet, der det tar åååreviiis å få noko fast.

Det er meininga at det er gammelpoteta som skal sitja i godstolen og med tårer i augene og eit litt tåpeleg flir tenkja på kor stolt ho er av spirane sine. Stundom vert det motsatt og.

mandag, juli 04, 2005

Testamentisk tanke

Etter nok ein sommar på gamleheim
er min konklusjon klar og utvetydig:
Den dagen verda ikkje treng meg meir
håpar eg at eg får ein brå og plutseleg død.
Eg treng ikkje ein gong veta kva det var
som traff meg.