onsdag, juni 28, 2006

Prisen for artigaste e-post går til LASSE

Fw: THREE STAGES OF A MAN'S LIFE






THREE STAGES OF A MAN'S LIFE







BEFORE MARRIAGE






AFTER MARRIAGE





AFTER THE DIVORCE















onsdag, juni 21, 2006

Demo does Norway

Mine Volda-folk visste at eg brukte mykje tid på Demostasjon.
Mine Førde-folk veit at eg enno brukar mykje tid på Demostasjon.

Prosjektet starta som ei veke nettradioproduksjon for medievitskapleg forsking. Dette vart ganske kjapt utvida til to veker. Desse vart til tre semesteroppgåver og ein times foredrag på The First European Communication Conference i Amsterdam - og det heile vart utgangspunktet for ei fagbok i medievitskap.

Eg og Hilma bidrar til denne boka med kapittelet "Demokratisk deltaking - er det mogleg?". (Og nei - det er ikkje fullt så svevande som det kanskje kan høyrast ut.)

Høyr Kurer på P2 kl 12.03 laurdag 24.06.06.

lørdag, juni 17, 2006

Innsyn, utsyn og nærsyn

No har eg endeleg fått det på det reine.
Grunnen til at alt har vore uklart på avstand er enkel:

Eg er nærsynt.

Ikkje mykje, men nok til at det vert ein irritasjon. Eg har alltid hatt perfekt syn, og difor er det klart eg merkar det når ting vert ei skodde på avstand. Uansett kor mykje eg mysar og blinkar, vert linjene aldri heilt klare.

Augelegen sa eg er heilt i grenseland for å trenga briller. Eg ser heilt klart på nært hald, og det er ikkje noko problem å køyra bil. Men eg vil gjerne vera i stand til å sjå skilta på like lang avstand som før, og eg ynskjer å framleis kunne kjenna igjen møtande kjensfolk like fort som dei ser meg. Så briller vert det.

Den andre nyttige kunnskapen eg fekk ut av den timen gjeld om lag alle mine blogglesarar. Augelegen spurde nemleg om eg nyleg har vore student. Det har eg jo. Då nikka han gjenkjennande, og fortalde at veldig mange studentar les seg til nærsynthet. Me konsentrerar oss om det me har like framfor nasa, og ser ikkje så mykje utover dei vide horisontar, rett og slett. Eg måtte jo innrømma at eg ikkje har pløyd gjennom så enorme mengder bøker i mi studietid. Derimot trur eg det kan henga saman med ein utstrakt bruk av dataskjermar. Han kjøpte den.

30 timar seinare går eg framleis og gler meg til å sleppa å sjå ut som eit dopvrak. Eg måtte ta ha innpå sånne dropar som utvidar pupillane, så augelegen skulle få eit skikkeleg innblikk. (OK, den var billeg.) Pupillane skulle gå tilbake til normalt etter nokre få timar. Det var i halv ni-tida i går morgon, og det er definitivt meir svart enn brunt innpå der enno.

---
Min vanlegvis så trivelege kollega Eldgrim lurte forresten på om dei og hadde sjekka i kor stor grad eg er trangsynt.

Snøft.

Hotell i særklasse

Me har starta NRK Sogn og Fjordane sin sommarturne. I løpet av sommaren skal me besøka så mange som mogleg av dei 25 kommunane her i fylket. Eg og min gode kollega Camilla starta moroa i Stryn denne veka.

For ein kommune! Nordfjordingane er forfriskande sporty og opne – av om lag 15 potensielle intervjuobjekt vart me berre avvist ein einaste gong. Det er verkeleg ein solid statistikk.

Kanskje heng denne openheita saman med at dei forstår media. Stryningane er innovative. Dei finn på ting. Finn opp ting. Og treng difor publisitet rundt prosjekta sine.

Tysdag kveld hadde me intervjuavtalar heilt fram til i 22-tida om kvelden. Den nest siste var med suksessbedrifta Moods of Norway. Då kom dei rett frå Dubai. Etter intervjuet fortalde me at den siste avtalen for kvelden var hoggormguiding. (Det innslaget kan du høyra 6.15 og 8.45 i morgonsendinga mandag 19.06. Den kjem på nettet.) Svenske Moods-Stefan syns det var ein kjempeidé, og ville gjerne slenga seg på. Han kjende hoggorm-fyren, og kunne godt køyra oss dit i den berømte Moods of Norway-limosinen. Han måtte berre ta på seg sitt sist innkjøpte antrekk.

Ti minutt seinare fann eg meg sjølv bakerst i ein rosa limosine, med ein svensk sjeik bak rattet. På veg til hoggormguiding. Herleg.

Det som derimot ikkje var så sjarmerande, var hotellet me hamna på. Eit toalett som setet holdt på å ramla av, ein nedslitt og stygg lenestol – og ingen sjampo på badet. Det var rommet vårt.

Camilla spurde om dei hadde gløymd sjampoen.
Nei, det hadde dei ikkje, men me kunne godt få sidan me spurde.
Forklaringa var nemleg den at dei ikkje pleier å leggja ut sjampo om sommaren, for turistane tek den berre med seg.

Eg ristar litt meir på hovudet for kvar gong eg tenkjer på den der.

Ei hotellhistorie til:
Første kvelden hadde me lyst på hotellmat, men 250,- syns me var i meste laget. Camilla tok affære igjen, og spurde om me ikkje fekk billigare mat sidan me budde der.
– Nei, sa den første resepsjonsdama.
– Nei, sa den andre resepsjonsdama.
Så me enda opp i ein kafeteria, der eg for første gong i mitt liv såg meg nøydd til å klaga på maten. Laksen var ikkje gjennomsteikt.

Då me kom tilbake på hotellet, såg me på eit oppslag at Camilla hadde hatt rett heile tida – fullprisgjestar skulle berre betala 100,- for maten.
– Det var jo litt dumt, sa den tredje resepsjonsdama.
- Men jaja, då veit de det jo i alle fall til i morgon.

Eg skal ikkje avsløra kva dette ubrukelege hotellet heiter, men det ligg i Stryn og har eit logisk namn.

mandag, juni 12, 2006

Somme dagar frosk --- og andre dagar prins

lørdag, juni 10, 2006

Tilbake i drift

Etter ei veke i det som skulle verta min første streik, er me no godt i gong med arbeidet igjen.

Streik viste seg å verta ei svært sosial greie - og det kan ein jo lika - men det er godt å vera i jobb igjen.

Eg innser at det også kan verka som eg har hatt ein streik på gong her på bloggen, men det kan eg avkrefta her og no.

Derimot har eg ei ufyseleg ustabil nettilkobling om dagen.

Og skuffande lite kreativitet.