tirsdag, mars 27, 2007

Ein dag for æva

"Samme dag som han ble pågrepet skulle Eriksen etter planen gifte seg. Bryllupet skulle være i hagen hjemme hos Eriksen på ettermiddagen.

Eriksen skulle også på ultralyd med sin kone den dagen, og skulle i tillegg i en begravelse til en venn den formiddagen."

søndag, mars 18, 2007

torsdag, mars 15, 2007

Siste nytt frå Paris

Britney Spears er skandaleomsust, stakkarsleg og skalla.

Femina held oss oppdatert med artikkelen Privat sex-video i omløp, der dei også sveipar innom ei anna skandaledame:

Nylig ble det kjent at Britneys fest-venninne Paris Hilton også har opplevd at private videoklipp har blitt tilgjengelig. [Paris Hilton skal ha tjent over seks millioner kroner på filmen «One night in Paris».]

No shit, Sherlock!

søndag, mars 11, 2007

Floka løyst på bar i Trondheim

- Såg du at Dagbladet hadde transkribert avskjedstalen til Valla?
- Nei?
- Der snakka ho om Ingrid Yssen.
- Å?
- Eg lurar på om det er Dagbladet sin feil. Sa ho feil på TV?
- Veit ikkje.
- Mystisk.
- Kanskje det er løysinga! Ho trudde det var søstra det var snakk om!
- Jaggu!

tirsdag, mars 06, 2007

Klisjé, men sant: Ho runda 50 - til 100 i stil











lørdag, mars 03, 2007

Eg flyr forbanna

- Du har kanskje ikkje sett deg så godt inn i dei nye reglane, du?

Han prøver ikkje ein gong å skjula arrogansen. Lille venn, liksom. Den eldre vektaren strekkjer seg over kontrolldisken etter brosjyren.

- Her kan du sjå det.

Eg spanderer til saman eit halvt sekund augemerksemd på brosjyren og mannen til saman. Han bryr seg knapt.

- Du kan ikkje ha desse lause.

Vektaren finn ein pose med låsemekanisme til dei fire terrorvåpna mine; ein liten tube mentolatum, ein lebepomade, ei knøttlita flaske med brillevaskmiddel og ein munnspray.

- Dei sa ikkje noko om småflaskene i Bergen, må eg kommentera.
- Det er feil. Det er viktig at alt kjem i posar.

Han legg flaskene i den flysikre posen med kneppelås. Ein FLYSIKKER pose med KNEPPELÅS! Det stoppa dei terrorplanane, gitt.