søndag, oktober 30, 2005

Dagsform: Snusfornuftig

To flasker raudvin på to dagar vart litt i overkant, så i dag har eg hatt ein veldig roleg åleinedag. Vanlegvis syns eg at sundays suck, men dette har faktisk vore ein ekstremt behageleg dag. Eg har lest 149 sider i pensumboka Radioradio av Linda Eide og Lars Nyre, løyst ein 16-spors Sudoku, høyrd den fabelaktige radiodokumentaren Fra tre til fire til tre og sett ny rekord i lenking.

fredag, oktober 28, 2005

Rampe-Stril vs Bergens-Tanta


Lokalavisa Strilen knuser Bergens Tidende
...i alle fall på to heilt avgjerande felt.

At den vesle lokalavisa Strilen slår Bergens Tidende på lokal dekning i Nordhordland er vel ei naturleg sak. At dei også rått og brutalt knuser storesøster i t-skjorter syns eg kanskje er litt ekstra imponerande. Den skjorta eg fekk frå BT var ein premie, denne har eg betalt for. But still.

torsdag, oktober 27, 2005

mandag, oktober 24, 2005

Sebra crossings

- Mom! The weirdest thing about Norway is the sebra crossings. They have painted white stripes in the road for pedestrians to walk on, and the cars actually do stop! The sebra crossings make me feel like a princess, Mom.

Omtrent det sa Veronica frå Ghana då ho leste sitt Letter back home under Che Che Kule-sendinga i Studentradioen førre onsdag. Eg er alltid like nysgjerrig på korleis utvekslingsstudentane våre opplever Noreg og Volda, og eg vert stadig vekk imponert over kor fantastisk godt dei ordlegg seg.

Che Che Kule høyrer du onsdagar kl 19 på studentradioen.net.
Andre gode program høyrer du kvar vekedag mellom 19 og 20.

fredag, oktober 21, 2005

Min drømmedag

Dagen i dag var ein underleg dag - den var min.

Femten timar etter å ha fått det som på alle måtar må seiast å vera eit heilt fabelaktig jobbtilbod, kan eg enno ikkje heilt tru det.
Medie-Noreg er eit veldig vanskeleg arbeidsmarknad å komma inn på, og her får eg det så til dei grader på sølvfat. Det er verkeleg heilt utruleg.

Eg kjem til å flytta til Førde og begynna i jobben i januar. Eg er tilsett som journalist for radio, TV og internett, med moglegheiter for å få vera nyheitsavviklar etterkvart. Avtalen er eit år, neste vår vil eg tilbake til Volda for å gjera meg ferdig med utdanninga. Det sa eg til desse sjefane som intervjua meg, og det var greitt.

Eg feira dagen med å eta berlinerbolle til frukostdessert, kjøpa to moro-bøker til meg sjølv og ta med kvite roser heim til mamma.

Happy ending

Fredag morgon, kl 08.59:
Ring ring.
- Ja, det er Rolf Sanne-Gundersen frå NRK Sogn og Fjordane igjen. Eg ville berre informera om at du får jobben.

onsdag, oktober 19, 2005

Ajaj - jobb i sikte

Ein dag for eit par veker sidan:
Møter journaliststudier-i-Volda-høvding Sverre på redaksjonslokalet:
- Du Heidi? Eg forstår ikkje koffor ikkje du søke på den stillinga dei har ledig i NRK Sogn og Fjordane! Du me di stemme og din språkbruk og din pondus burde jo absolutt gjera det.
- Å?
- Javisst.
- Ja, viss du trur eg er god nok, så trur eg det og.

Søndag - tre dagar sidan:
---
Kjære NRK.
Kan eg få jobb?
Koz og klemzzz
---

Tirsdag - i går:
Ring ring.
- Ja, det er Rolf Sanne-Gundersen frå NRK Sogn og Fjordane som ringer. Eg skulle gjerne ha snakka med deg om ein jobb som du var interessert i.
- !!
- Korleis kan me gjera det?
- Nei, eg kan godt komma til Førde, eg.
- Flott! Når kan det passa? Neste veke er eg litt opptatt, men denne veka vert vel kanskje for kort varsel?
- Øh. Nei. I grunn ikkje. Eg kan komma torsdag eller fredag.
- Flott, torsdag då!

Litt angst, litt spanande og ein solid porsjon god, gamaldags nervøsitet. Burde sikkert ikkje lagt det ut her før eg veit kor det går, men det er jo ein del av moroa.

søndag, oktober 16, 2005

Postkortliv

Stolte fjell til venstre, dramatiske fjell til høgre og himmelblå fjord i midten - riktignok flankert av kvite fjell i horisonten, på denne avstanden vert nasjonalfjellet i Volda -Rotsethornet- redusert til ein krokrygga liten pjokk med dårleg sjølvtillit, trebenken er hard, men ganske komfortabel, terassepratet frå det einaste huset i nærleiken er ikkje påtrengande, verda er usannsynleg grøn for å vera midt i oktober, det er mykje lyd i lufta, widerøeflyet hellar mot venstre når det passerer den vesle knausen mellom Hovden og Volda, eg ser for meg at det er passasjerane som i sin iver etter å sjå bygda i solskinn får flyet til å krenga, to dovne ferjer på fjorden lagar ein svak motordur, dei helsar ikkje på kvarandre, men dei smiler til meg, ein paraglider svevar som ein raud prikk over Ørsta, det luktar Vestland og brunostreklame, sola har dårleg samvit for at ho forsov seg til sommaren, og gjer sitt beste for å varma meg i dag, min trufaste pedalgangar står og gjer seg raud og lekker, og eg er veldig glad for å kunna dela eit sjølvopplevd radiobilete med blogglesarane mine.

fredag, oktober 14, 2005

I dag såg eg nesten ein død mann

I dag har eg dekka ei dødsulukke for Radio Volda.
Det gjekk heilt smertefritt for seg. Trur eg kan gjera det bra som avstumpa nyheitsjournalist.

tirsdag, oktober 11, 2005

Kverulér ein annan stad

Eg sit på Rokken og kosar meg dei tre rolege timane eg har fått denne kvelden. Trivelege folk og triveleg prat. Så kjem ein helsikes kverulant og skal diskutera distriktspolitikk med meg. Han overdriv utsegnene, spissar argumenta, irriterar meg, får svar på tiltale og innrømmer så at han har spissa argumenta for å provosera, før han konkluderer med at alle utanfor Oslo vert fornærma for dei fabelaktige argumenta hans. Faen.

Ja, eg er frå landet.
Ja, eg syns det fins gode grunnar for å driva ein distriktspolitikk.
Og ellers?
Ja, eg brukar nynorsk.
Ja, eg er jente i det som enno er ein mannejobb.

Eg kan godt få vera i fred på fritida likevel.

søndag, oktober 09, 2005

Lisenslaus

Er det berre eg som syns lisensmannen har fått ei litt snodig mottaking her i Volda?



Me er mediefolk.
Lisensen er snart løna vår.



Tek atterhald om at denne posten kunne vorte annleis om eg hadde fjernsyn på hybelen.

lørdag, oktober 01, 2005

BT: Bra avis, men elendig på premiar

Eg trur dette må vera den dårlegaste premien nokonsinne. Eg vann ein fotokonkurranse i Bergens Tidende i sommar. Premien skulle vera ei t-skjorte.
- Flott, tenkte eg, t-skjorte frå BT er kult.

Men det var det jo ikkje.

Teksten er altså "mms 2211 - Jeg har tatt bilde for Bergens Tidende!"