mandag, august 29, 2005

Hagen-arbeid

Frp-høvding Carl I. Hagen tok balletak på valkampen i år.

Ved å forkynna at støtte til ei borgarleg regjering leia av Kjell Magne Bondevik er uaktuelt, tok nok valkampen ein annan retning enn mange venta.
Brått ser det svart ut for ei blå regjering, og ikkje ein gong Frp sjølve forstår kvifor Hagen gir dei raude ei slik gåvepakke. Både Bladet Tromsø, Fedrelandsvennen og fleire andre aviser er sikre på at dette var siste spikaren i kista for Bondevik.

I dag hadde me førelesing med politisk redaktør i Sunnmørsposten, Harald Kjølås. Som så mange andre, meiner også han at Hagen-utspelet banar veg for eit raud-grønt alternativ.

Eg trur ikkje det kan vera så lett. Hagen er altfor rutinert til det. Kanskje ser han dette som ein sjanse til sjølv å få sitja på statsministerkontoret, kanskje vil han hjelpa Erna Solberg opp og fram - eller kanskje er han vorten skikkeleg glad i Dagfinn Høybråten. Det er jo stundom slik at ein ikkje heilt forstår kva Hagen planlegg før han har fått det til, og dei av oss med skjegg kan plassera det i postkassa.

Mot slutten av førelesinga, sa Kjølås noko veldig interessant:
Frp-veljarar held seg jamt over dårlegast orientert om politikk og samfunn. Dei einaste som bryr seg mindre, er sofaveljarane. Difor vert det ofte slik at Frp samlar mange stemmer heilt i valkampinnspurten, når Sofapartiet lek veljarar til fordel for Framsteget.

Eg trur Hagen tek ein Martyr.

Eg trur han gjer ei dramatisk vending like før valdagen, slik at han får engasjert heimesitjarane i tolvte time og på den måten sikrar Frp eit godt val. Til dømes kan han finna på å gå av. Då oppnår han både høgt stemmetal for partiet sitt og framleis borgarleg regjering. (Siv Jensen har rett nok uttalt seg negativt om Bondevik, men ikkje på langt nær så mykje at ho ikkje kan gå tilbake på det.)
Ei tredje effekt, ville vera at Hagen får noko i retning av martyrstatus sjølv. Det gjeld jo å gi seg medan ein er på topp.

MSN 25.08.05, 02:10

Kompis sier:
Liker det at du fant meg.
Kompis sier:
Dessverre leita du etter deg.

lørdag, august 27, 2005

Er du rask, har du lov

Politiet i Bergen tok eit skikkeleg oppgjer med drikking på offentleg stad gjennom Bergens Tidende her i førre veke:

-Gjemmer de ikke flaskene når vi kommer, ber de om bråk.

Snakk om å skyta seg sjølv i leggen.

torsdag, august 25, 2005

I hekksaksa

I dag måtte eg ta stilling til ein hekk.

Det kom litt brått på.

Eg og Jørgen var på veg heim frå skulen no i sta, då ein to meter lang kjeledresskledd austlending med skeive tenner mumla noko i vår retning. Me vart vel cirka like overraska begge to, og måtte pent be mannen gjenta kva han hadde sagt.

Kjeledressen lurte på om me trudde den raude tråden han hadde hengt opp på hekken var rett. Han skulle klippa plenen for dei folka som bur like oppi her, men han syns det var så vanskeleg å sjå om rettesnora ville leda han i riktig retning.

Me augemålte som best me kunne, utan å finna så mykje å utsetja på tråden hans.

Det fekk meg til å tenka litt.

Slikt er ikkje vanleg i Noreg. Ein høyrer så mykje om dei upersonlege byane (og det er ikkje tvil om at det er der ein kan vera mest einsam), men slikt er ikkje vanleg på bygdene heller.

Det er triveleg å få hjelpa framande.

Motto for dagen:
Hjelp ein hekkmann så ofte du kan.

onsdag, august 24, 2005

Når det sjølvsagte ikkje er sjølvsagt

At den store majoriteten av pakistanarar i Noreg ikkje syns det er greitt å bruka vald, burde vera fullstendig sjølvsagt.

Det er det dessverre ikkje.

Eg maste difor veldig på Kanwal (sjå førre blogpost) i dag føremiddag om at ho måtte gå ut og ta avstand til skyteepisoden. I starten trur eg ikkje ho heilt forstod kvifor eg syns det var så viktig, men etter kvart innsåg ho at det faktisk ikkje er sjølvsagt for alle at ho fordømmer slike handlingar.

Som på bestilling ringte TV2 Nettavisen midt i samtalen vår. Eg syns Kanwal gjorde det kjempebra. Døm sjølv.

søndag, august 21, 2005

I morgon får eg besøk av ein blome

NRK 09.05.05: Jenter av pakistansk opprinnelse er den ungdomsgruppen som deltar aller minst i organiserte aktiviteter utenom skoletid.
Leder i Pakistansk Studentersamfunn, Kanwal Suleman, er overrasket over at ikke flere jenter deltar i organsierte aktiviteter.
- Bare de to siste årene har pakistanske foreldre blitt mer liberale. De viser større vilje til å forstå barna sine og forsøker å kommunisere, også på deres premisser, samtidig som de viderefører egne verdier, mener Suleman.


Forsvarsnett 20.12.04: Pakistansk Studentersamfunn (PSS) vil ha flere innvandrere inn i Forsvaret.
– Forsvaret danner et solid grunnlag for mennesker med høye ambisjoner i livet. Vi tror at religion og kulturforskjeller blir sett på som positive bidrag til et mangfoldig forsvar, sier Kanwal Suleman, leder i PSS.


-- Studentpolitikar, jusstudine, innvandrarborn og presidentspire --

Andregenerasjonsinnvandrarar har det med å verta stilt i dårleg lys.
Det fins jo sjølvsagt råtne eple i dei kretsar, som i alle andre, men min neste gjest er definitivt ei motvekt til dette biletet. Kanwal Suleman er snart 25 år, norsk-pakistansk, flink, morosam, tøff og generelt ei veldig bra jente.

Presseklippa ovanfor er henta frå dei siste to åra, då ho har sete som leiar i Pakistansk Studentersamfunn. I tillegg til dette viktige vervet, har ho brukt dei siste åra på jusstudier i Oslo og Bergen.

Mine framtidsplanar for Liljekanwal er at ho skal jobba for muslimske kvinner sine rettigheiter, både i Noreg og i Utlandet. Sjølv planlegg ho å verta den første norske presidenten.

Vel.

Det som i alle fall er sikkert, er at ho kjem til Volda i morgon for fire dagar, så eg har rydda kjøkken og vaska golv.

Nokon som har ein raud løpar til låns?

onsdag, august 17, 2005

Når mitt skal bli ditt

Denne dagen og resten av veka er dei gamle studentane sin sjanse til verkeleg å gi noko tilbake til Volda. Gjennom fadderordninga skal me hjelpa dei nytilflytta til rette og få dei inn i miljøet.

No er det gått eit år sidan eg kom hit, men eg hugsar det som om det var i går. Den jobben fadderane gjorde var verkeleg verdfull. Det tok oss ein dag, så hadde me opptil fleire fjes å smila til. To dagar til, så hadde til og med eit par av dei fått eit namn.

Eg er takknemleg for å få lov til å spandera denne veka på dei nye. Det er flott å kunna dela ut drops frå Volda-godteposen, når ein veit kor utruleg godt dei smakar.

--
Eg er forresten blitt "hu studentradiodama" i løpet av dagen.
Kjempegreier! :-D

tirsdag, august 16, 2005

Viva Volda



Eg gledde meg til å komma oppatt til Volda etter to månader utan sveler og sunnmørske porno-r'ar, men eg trur faktisk ikkje eg gledde meg nok. Det er så mange bra folk her at eg vert heilt svimmel. Dei eg har helst på i dag, er ikkje dei eg har pleid å bruka mest tid med, men det har likevel vore utruleg triveleg. Thank you for the music, tænk ju for Volda - måtte studentmiljøet her leva evig.

Amen.

mandag, august 15, 2005

Siste nytt: Snobb

Eg fekk det frå ein av mine eigne. Snobb. Han berre sa det. Snobb. Liksom henslengt, men det venstre augnebrynet var på vakt. Nesten umerkeleg, men likevel.

Eg såg ned på oppvaskebørsten. Jaha. Snobb. Eg måtte påpeika ironien i det heile, klarte ikkje å la det vera. Typisk snobbeaktivitet å ta oppvasken, sa eg, og kasta ballen tilbake.

Han lo. Han gjer stundom det.
Han lurte på om ikkje slike som meg vert litt snobbete. Eg lurte på kven slike som meg er. Eg høyrer heime i mange båsar eg, men no var det altså den yrkesmessige.

Jaudå, media er nok slett ikkje snobbfri sone. Enkelte kjem jo til media fordi dei er snobbar. Kultursnobbar og slikt noko. Likevel er nok dei snodige originalane framleis i fleirtal rundt i norske redaksjonar.

Eg tek meg i å undra på om det fins nyheitssnobbar, eller om eg vert den første.

torsdag, august 11, 2005

Min bror Thor-Bjørnen

Han klarte det!

Thor-Bjørnar (19) er i dag ein av dei 200-og-noko som har fått tilbod om plass på befalskulen. Her heime har me gått rundt med stolte glis sidan klokka halv ni i dag tidleg. At det var godt over 1000 søkjarar i utgangspunktet gjer ikkje gleda mindre.
No gjenstår det berre å sjå om han kjem seg gjennom dei fire åra, som til slutt skal gi han fagbrev i tunge køyretøy, generell studiekompetanse og eit år høgare utdanning i leiing og slikt noko.

Stå på, min bror Thor, min bror Thor-Bjørnen.

tirsdag, august 09, 2005

Dumhet? Right back at yah

Veslebror ville ha eit nytt spel til gameboyen sin då me skulle på kæmpingtur i førre veke. Han hadde sett eit SuperMariospel i ein Elkjøp-reklame, så me køyrde innom der for å slå til på eit godt tilbod. Dessverre var det enklare sagt enn gjort. Dei hadde det ikkje inne, trass i at dette var same dagen som tilbodet starta.
"Det er dumt å betale for mye", er Elkjøp sitt slagord.

Det er minst like dumt å love for mye.

Heldiggrisen Andreas

Onkel Geir er gift med Anette. Det gjer ho per definisjon til tanta mi, men eg har litt trøbbel med å titulera ein 30-åring slik.

Eg var nede på besøk hjå dei ein tur i dag fordi eg hadde ein trampolineavtale med sonen deira Andreas (snart 6). Han var då gått i ballbingen med Geir, så eg vart sitjande med Anette.
Etter ei stund kom far og son tilbake, svette og slitne.
Det er då femåringen slår til.
- Mamma, sjå kor våt eg er i håret. Eg svettar som ein heldiggris!














Snart skulegut og allereie ståoppkomisk.


Ok, ei historie til.
Me hadde nokre kyr og ein okse på bøen nedfor her. Ein dag gjekk oksen opp på ei ku, slik oksar stundom gjer.
Ein storøyd Andreas vart veldig ivrig:
-Å stilig! Han steilar!

mandag, august 08, 2005

Eg vann!



Eg knipsa katten til Eli då me var på hyttetur tidlegare i sommar, og sende biletet inn til ein konkurranse i BT.
No er Anastacia nesten kjendis og eg er ei T-skjorte rikare.

Og alle var einige i at det var ein fin tur


Telemarkskanalen med trebåten Telemarken var det mest kulturelle innslaget på turen. Ein flott båttur, der både store og små vart ståande og måpa over slusesystemet.

På Teksten Camping i Gvarv, like utanfor Bø, hadde me fire gode dagar. To heile dagar gjekk med i Sommarland og ein i Telemarkskanalen. På kveldstid var det kano og trøbåt som var tingen.

Sukkerspinn har aldri heilt vore mi greie, men fetter Jonas er av ei anna oppfatning.

Mamma er gal etter reker, og syns ho var i paradis då ho kunne få tak i ferske reker i Kragerø. Lillesøster var mest opptatt av at dei var "so grusomt svære!"

Sommarland Sommarland Sommarland. Christopher Andrè og Maibel Anita har ingen klager.