mandag, september 26, 2005

Amerikansk fridom

Lat meg fortelja tre små historiar frå min månad i USA i 2001.
Turen var høgdepunktet på USA-linja på Skogn folkehøgskole.

Vårt første møte med Amerika var storbyen Los Angeles. Stuptrøtte og litt i ørska etter den lange reisa. Berre ein liten tur på supermarknaden, folkens. Me må jo sjekka om det verkeleg er slik som ein ser på film.
Rett etter at me har gått frå motellet begynnar ting å bli skumle. Ein bil rullar roleg opp på sida. Politiet. Dei lurar på kva fem jenter gjer ute åleine etter klokka åtte om kvelden.
Fem stykker. Tidleg kveld. Gatelys alle 300 metrane.
Det hjelper ikkje.
OK, gi meg ein burka.

Dagen etter. På veg heim frå Disneyland. Ein pratsom neger på setet bak meg er veldig nysgjerrig på kvar me er frå. Norge ja. Det har han høyrd om. Eller vent. Nei, forresten. Det var visst eit annan land. Men velkomne skal me vera. USA er det beste landet i verda. Mannen har så enormt mange fridomar. Han får tak i nett det han vil. Hasj. Ecstacy. Morfin. Heroin. Anything baby.

Den tredje historia er dels frå California, dels frå Salt Lake City. Mange stader i solstaten California er røyk skikkeleg fyfy. I mormonarbyen Salt Lake City er det direkte tabu. Det gjeld også alkohol, kaffi "and other things that poison your body". Det var opptil fleire i klassa vår som sleit litt då. Har ein no ein gong vendt kroppen til desse giftstoffa, så får ein vel abstinensar. Men det vart uglesett, og det la ikkje ein gong høflege amerikanarar skjul på.

Country of freedom - my ass.

søndag, september 25, 2005

Tusen takk!

Sånn i utgangspunktet er eg ikkje så veldig opptatt av å ha gebursdag. Eg gjer mitt beste for å hugsa andre sine, men det er nokre år sidan det var stor stas å feira min eigen.

Uansett - ei unnskyldning til å samla vener i festleg lag bør jo ikkje gå upåakta hen, så det vart artigheter i går kveld. Det var ikkje så mange folk her, men det var verkeleg ei upåklageleg stemning.

Og aldri nokonsinne har eg fått så mange morosame gåver:

Image hosted by Photobucket.com

Sjå bordet som ei klokke.
Kl 2: Teiknefilmen "Babar - Elefantens beste venn" Den fekk eg av Krølle, Lars fra Mars og info-sjefen. Tihi :)
Kl 3: Ei utruleg sjarmerande samlepakke som mormor sende i posten, med geitost, eit pent pizzahjul og ein dyr hudkrem.
Kl 4, 5 og 6: Koselege kort.
Kl 7: 200-lapp frå farmor og to sjokoladar frå festdeltakarar.
Kl 8: Sjokoladekake (som Anette kjøpte fordi ho veit at eg ikkje likar slikt) og to flaxlodd (som eg ikkje vann på) frå Agnete.
Kl 9 og 10: Mat-ting som eg fekk frå Åge A, Lisa Mari og typen til Lisa. Ho prøver å oppdra meg til å laga mat sjølv, så difor fekk eg sånt spesielt salt, ei olje som eg kan blanda med saltet og bruka på salatar, og ein pesto, som eg visstnok kan bruka på litt av kvart. Pakka inneholdt også ein raudvin med tidenes beste advarsel:
WARNING: CONSUMPTION OF ALCOHOL MAY ACTUALLY CAUSE PREGNANCY.
Midt på bordet ligg ei pakke tomme minidiskar, som eg fekk frå Studentradionestleiaren min. Genialt enkel gåve!
Like bak den står paprikaplanten (!) som eg fekk av Sissel. Så utruleg morosam ting å kjøpa!

Heilt bakerst ligg ei gåve som verkeleg varma. Mora til Jane har hekla det kulaste skjerfet i verda til meg! I mangel på bilete av mora til Jane, legg eg heller ut eit bilete av Jane og meg, som eit lite takkekort:

Image hosted by Photobucket.com

torsdag, september 22, 2005

Kjære Norwegian

Som student med lite pengar, jubla eg då eg såg billigbillettane de la ut i høve 3 års-dagen dykkar. Utan å egentlig ha verken tid eller pengar til det, valde eg å spandera fem dagar og 600,- på ein tur til Praha frå 6. til 10. desember. Skjønt - eg måtte jo komma meg til og frå Volda, så eg bestilte billettar på korresponderande SAS-fly mellom Ålesund og Bergen. Dei billettane fekk eg for 784,-. Det vart rett nok dobbelt så dyrt, men eg var no i grunn godt nøgd med totalprisen. Så langt alt vel.

Men.

I går fekk eg e-post om at Norwegian har endra tida på returflyet vårt. I staden for å vera på Flesland 1305, og altså i god tid til SAS-flyet kl 15, er eg ikkje der før 2055.

Javel.

Dette er like før eksamen, så eg har strekt ferien min langt nok. Eg har ikkje tid til å bruka mykje meir tid på reis. Det er ein ting. Det største problemet er likevel økonomisk. SAS lar meg ikkje endra billetten min tre veker etter den var bestilt. Eg kan få tilbake momsen, men det er jo ikkje all verda. Resten av ein ny billett frå Bergen til Ålesund må eg betala sjølv, og den billegaste dei har er førebels på 800,-. Det er utruleg sure pengar for ei reise som i utgangspunktet kun vart bestilt fordi den var så billig.

Spørsmålet blir jo då kva Norwegian gjer.

Eg ser de refunderer billettar dersom reisa har vorte kansellert. Det står derimot ingenting i reglementet om slike situasjonar som eg har havna oppi. Den hyggelege dama eg snakka med på kundeservice her i sta, sa at det var antakeleg det eg kom til å få tilbod om. Ho sa vidare at så lenge dei andre billettane mine ikkje er hjå dykk, tar de ikkje ansvar for dei.

Problemet mitt blir jo då at eg uansett ikkje får refundert billettane hjå SAS. Dermed har reisa som eg i tilfelle ikkje kan få tatt, uansett kosta meg 800,-.

Takk.

Mvh;
Heidi Fagna.

tirsdag, september 20, 2005

Tune in

Kvar dag frå 19 - 20:

studentradioen.net

Mykje moro for ingen pengar!

lørdag, september 17, 2005

Aggresjon og fjernsyn

Unge Marthinsen skreiv eit innlegg om valden i Asterix og Obelix i førre veke. Eg ville skriva ein kommentar til det innlegget, men den vart så lang at eg legg den ut her i staden.
Thomas skriv på slutten av innlegget sitt:

Jeg husker hvor hysterisk - ja, nesten epileptisk! - jeg og lillebroren min lo av de smule voldsepisodene blant bautasteinene og villsvina. Neste skritt for min del, etter nå å ha eliminert meg tilbake til utgangspunktet, til utgangsvolden vi lo av, blir selvfølgelig å finne fram til hvorfor i helvete vi lo (og ler) av sånt i det hele tatt. Men det får bli i et annet øyeblikk av klarsyn.


Først meinte forskarane at ingen måtte sjå vald på fjernsyn fordi det ville senda dei rett ut i uføret (jmf Dei Allmektige Media - i dei første TV-tider sat folk klistra så lenge det var sending, og ein hadde enormt stor tru på makta i fjernsynsapparatet)

Deretter kom tida der dei meinte at TV-vald kunne fungera som eit katarsis, ei slags rensing, slik at tilskodarane fekk ut alle aggresjonane sine berre ved å sjå valden utført på TV.

I den seinare tid har ein fått eit meir nyansert syn på dette, og mange interessante forsøk har vorte gjort, utan at ein har funne nokon fasit.

Til dømes vart det gjennomført eit forsøk der ungar vart delt inn i to grupper. Dei såg den same valdsfilmen, men dei vaksne som var i den eine gruppa fordømte valden og dei vaksne i den andre forherliga den. Då forskarane snakka med ungane etterpå, var det heilt tydeleg at dei vaksne hadde skapt presedens. Viss dei hadde heia fram valden, gjorde ungane det og. Fjernsynet si makt er altså mindre enn dei vaksne si. Det er mellom anna dette som gjer fjernsynet til ein veldig dårleg barnevakt.

Når det gjeld forskjellen på gutar og jenter, er det ei problemstilling som det fins mange forklaringar på. Nokre meiner aggresjon er noko gutar har i seg frå biologien si side, medan andre skuldar på sosialisering. Det er uansett ei kjend sak at det er mykje lettare for gutar enn jenter å ty til fysisk makt. Dessutan har dei mykje meir lopper i blodet. Det er jo til dømes difor mange meiner jenter får betre karakterar på skulen, då denne er mykje betre tilrettelagt for deira rolege natur. (Dette hevdar til dømes den kjende psykologen Magne Raundalen)

Sjølv trur eg det er surrealismen i det heile som tiltrekker oss, særskild i filmane om Asterix og Obelix. Og kvifor gutar generelt vert tiltrekt av vald, trur eg det kan vera fordi dei treng å flykta til verder der det er lov å ta ut litt av den aggresjonen dei har i seg. Eg hellar altså litt mot den katarsisteorien, om enn ikkje med like sterk overbevisning som ein hadde for førti år sidan.

Det er trass alt gutar/menn som gjer det dårlegast i utdanningssystemet, toppar kriminalitetsstatistikkane og oftast tar sjølvmord.

Kvifor er det slik?

mandag, september 12, 2005

Det stemmer

Eg stemmer
Du stemmer
Han stemmer
Ho stemmer
Dette stemmer
Innestemmer
Høgre stemmer
Venstre stemmer

Stemmer ingen - så fatalt
Stemmer noen - litt for smalt
Stemmer mange - stemmer alt
Stemmer alle? Noe galt!

lørdag, september 10, 2005

Nyanselaus nazisme

Denne tanken dukka opp første gongen i 2003, men eg har enno ikkje fått noko fornuftig svar på det.

Det var på ei førelesing då eg tok grunnfaget i pedagogikk.
Me snakka om menneskesyn, og nazismen vart typisk nok trekt fram som eit skrekkeksempel.

Eg er ikkje i tvil om at den førte med seg mykje grusomt, men eg klarar liksom ikkje å slå meg til ro med det. Fins det verkeleg ikkje noko positivt ved nazismen som ideologi?

Førelesaren min syns det var eit godt spørsmål, så ho måtte få lov til å tenka litt på det.
Noko svar fekk eg aldri.

Ballen er kastet.

onsdag, september 07, 2005

Nytt av dagen: Programpleiar

- Minimumsjournalistikk, sa han, og strauk seg nøgd over magen.

Eg vil ikkje vera dårlegare, og lanserer herved ordet 'programpleiar'.

På radiolinja i Volda lærer me program-leiing, men på forskingsprosjektet Demostasjon har eg i dag drive med program-pleiing.

Demostasjon er ein webradio som eg og fire andre Volda-studentar lagar, slik at forskar og postdoktor Lars Nyre kan få realisert draumen sin:

- Radio kunne fungert terapeutisk i folks liv. Vi kunne for eksempel tenke oss daglige radioprogram for gravide, der folk ringte inn om konkrete forhold rundt svangerskap. Eller liknende program for eldre, som kunne ringe inn og snakke sammen om helseplager. Fikk radioen en slik nisjerolle, ville det vært uendelig mer verdt enn å høre «Hotel California» for ørtende gang. BT, 31.05.03


I korte trekk kan Demostasjon forklarast som ein snakkeradio. Den skal skilla seg frå tradisjonell radio ved å vera demokratisk, og kommunikasjonen skal vera tovegs (og gjerne også multivegs). I vanleg radio vert folk avbrutt etter eit halvt minutt, og journalistane klipper utsegnene som dei vil. Demostasjon-konseptet skal vera ein alternativ kanal for offentleg debatt, der folk får fullføra heile resonnement.

Og det er her det nye ordet mitt kjem inn.

Programleiaren skal vera så usynleg som mogleg i dette formatet. Det er innringjaren som skal styra samtalen, som best det let seg gjera.

Då me laga Demostasjon i vår, fekk Jane og Reidar alle programpleiarjobbane, medan eg var meir tradisjonell programleiar i saklege debattar. I den pågåande Demostasjon 2, skal me snakka om valet på ein kvardagsleg måte, og alle skal difor vera programpleiarar.

Lyst på litt varme og omsorg over verdsveven?
Ta kontakt, og bli med på ei sending ein av dei fire neste dagane.

Let's plei!

søndag, september 04, 2005

Pornomodellert nakenstjerne

Det er så seint at det eigentleg er tidleg, og eg treng litt lett underhaldning. For å avslutta surferunden, tenkte eg å sjå om eg finn den mykje omtalte bloggen til Aylar Lie.
Det eg fann var ikkje det eg leita etter, men det vert ikkje mindre festleg av den grunn.

Ei samleside over VG-oppslag frå då ho var i Big Brother-huset:

23.4.2005:
Aylar går inn i Big Brother-huset
STOCKHOLM/OSLO I morgen blir nakenmodellen og pornostjernen Aylar Lie (20) høyst sannsynlig Big Brother-husets nye beboer.

24.4.2005:
Aylar på plass i BB-huset
(VG Nett) Søndag kveld gikk nakenmodellen og pornostjernen Aylar Lie (20) inn i Big Brother-huset.

27.4.2005:
Aylar lurte BB-par til sengs
(VG Nett) Den norske nakenmodellen Aylar Lie (21) skal ha sørget for at det ble mer sex. Dermed er hun ferdig i Big Brother.

28.4.2005:
Aylar hjem etter BB-sex
Modellen Aylar Lie (21) sørget for at det ble mer sex i «Big Brother». Derfor går hun ut av huset i dag.

28.4.2005:
Flere ble fristet av Aylar
(VG Nett) Den norske nakenmodellen Aylar Lie (21) sendte seertallene for «Big Brother» opp i nye høyder.

Jaja.

fredag, september 02, 2005

Frp faktisk

P4 durar og går.

Ein mann parodierer Carl I. Hagen.
Han gjer det himla bra.
Utlendingar og kriminalitet og blabla.
Alle klisjèane på ein gong.
Jadda. Nok no.
Strengare straff og utkasting.
Heile leksa.
Gi deg, mann.
Slike parodiar må ikkje bli for lange.


Damn. Det VAR Carl I. Hagen.

Tallet er 76

Det kom 76 interesserte på det første studentradiomøtet for året.

SØTTISEKS.

Det er vanvittig mange.
I fjor trur eg ikkje me var 15 ein gong.

Fantastisk! :-D