fredag, mars 31, 2006

Entschuldigen Sie, bitte.

- Jobbeperiode med helgevakt -> ti lange arbeidsdagar i strekk
- Minus to visdomstenner, som måtte opererast ut

Så no har eg heime i strilestova, rusa på familieidyll og smertestillande.
De får bera over med meg.

tirsdag, mars 21, 2006

Bingo!






Her blir det liv.
Rai rai.

Stemninga trykker på frå alle kantar. Sikkert femti damer i alle aldrar og fasongar har benka seg rundt borda. Den ellers så hippe kafeen misser ein del av sjarmen og kulheten. Damene kjeftar og hysjar og ventar spent. Nåde den som skrapar med stolen.

Eg og ein kollega har rota oss inn i eit fellesskap me ikkje visste om. Me vert sitjande heilt til slutt. Eg ender opp med ein gevinst på 185 kroner, og både eg og min ven er hekta. Det er faktisk veldig gøy.

Men det var litt flautt å innsjå at eg kan alle faguttrykka.

tirsdag, mars 07, 2006

Høve: Kvinnedagen. Tema: Ytringsfridom.

Viss eg skulle sett dagsorden for kvinnedagen, veit eg så inderleg godt kva den skulle vore.

Ytringsfridomen har vore ei het potet heilt sidan me terga på oss ein ambassadebrennar eller to her i januar.

I mange land har kvinner avgrensa eller ingen rett til å meina noko i det offentlege rom. Det er eit opplagt tema for dagar som denne, så det skal eg ikkje foreslå i denne omgong.

Derimot ville eg heller ha sett eit lys på norske kvinner sin bruk av ytringsfridomen. For det er skrale greier.

Kvinnelege kjelder er i sterkt mindretal i media.

Dette skuldast at journalistar ofte jaktar på sjefen, eigaren, den ansvarlege. Det er ingen hemmeligheit at det framleis er mest menn på toppen, sjølv om damene halar innpå. Dette er eit stort og viktig tema, men ikkje her og no.

Problemet er når ein skal ha tak i dei som strengt tatt ikkje godta å vera ein offentleg person.

Mellomsjefane. Grasrota.

Der er damene. Dei tause damene.

Eg er heilt overtydd om at det er langt fleire enn meg i denne bransjen som har ergra seg grøn og blå over damer som slit med talevegring. Kvifor skal terskelen vera så høg for å uttala seg offentleg? Kvifor er det så himla farleg?

Eit slikt 8.mars-tog skulle eg ha reist langt for.

søndag, mars 05, 2006

When morning has broken

...my news are breaking.

Eg har morgonvakter denne veka. Då byrjar arbeidsdagen klokka 5.
Eg skal lesa nyheiter ein til to gongar i timen, og elles halda meg oppdatert på det som skjer.

Eg har berre hatt den vakta ein dag tidlegare, så det vert spanande å sjå korleis det fungerer med slik pussig soving ei heil veke.

Utgongspunktet er neppe optimalt; helgeseminar med 40 festglade journalistar på fasjonable Hotel Alexandra har gitt meg tre timar søvn det siste døgnet.

Forholdsvis ufornuftig. Men umenneskeleg artig.
Sogn og Fjordane vert berre betre og betre.