onsdag, mai 31, 2006

Eg streikar.

søndag, mai 21, 2006

Tomheita etterpå

Me er gamle nok til å hugsa ein kvardag utan msn og mms, og me kjente til Cheerio lenge før den vart Tsjeriåu.
Likevel kan me bli 19 igjen på ein knips.

Denne våren er det fem år sidan eg var ferdig på Skogn folkehøgskule, og denne helga var det gjenforening.

Då kjem avskjeden alltid for brått.

Når ein har fått dei varmaste klemmane, lagt i dei beste fanga, sunge dei mest innhaldsrike songane, ete dei beste måltida, nytt den same gamle solnedgangen, sete i gapahuken som kjenner alle historiane frå før - så lenge at ein nesten må berast i seng, når ein har gått i dørene som hugsar alle gamle løyndomar, nytt stille stunder med gode menneske og ledd av dei same gamle vitsane omigjen - då kan ein ikkje gjera anna enn å spandera dei nødvendige tårene, og tenkja at enkelte ting i livet er komplett ubetalelege.

torsdag, mai 18, 2006

Gratulerer!

Mai betyr fødselsdag og kake.

Lat meg starta med å gratulera alle med overstått nasjonaldag. Eg har forstått det slik at det er det dei vaksne gjer.


Vidare har mine to fine fetrar Jonas og Kristoffer stått konfirmantar i denne skjønne, milde - nærare bestemt førre søndag.





Først var det middag hjå Jonas. Me fekk raspekaker, stemningen var nett passe høgtideleg og det heile var veldig fint. Fotballgale Jonas fekk Englandstur med Arsenalheimekamp på plakaten frå foreldra - og klaga ikkje akkurat over det.







Etterpå var det kaffi og kaker hjå Kristoffer. Stemninga var nett like god der, og sånn gåvemessig lar eg biletet tala meir enn 1000 ord.










Vidare må eg gratulera min eldste bror Thor-Bjørnar med 20-årsdagen, som var førre fredag... (her med vår kusine Mariel)








...og førstkommande mandag fyller min gamle far 46 unge år. (Her med minstebarnet, Maibel Anita)



Viss eg då til slutt slenger på ei helsing til onkel Håkon, som fyller 50 år i dag, og onkel Geir, som vart sånn om lag 39 år søndag, så har me det vel. Kunne fyllt eit heilt nattønske med det her.

(Og i denne posten må du fokusera på innhald. Layouten stinkar.)

fredag, mai 12, 2006

I Jostedalen med BBC og Reuters

Kl 07: Morgonfugl med gull i munn inn døra på jobb. Viktig med god tid. Dessutan ikkje bensinkort påtenkt torsdag kveld, under pakking av bil, Fjærlandstunnelgratisbillettar, direkte-på-radio-utstyr, opptaksutstyr og bærbar PC til redigering.

Kl 09: Fem-og-nitti-blyfri på Statoil i Sogndal. Full tank. Full kontroll. Wiener, vatn og Helnøtt - sjåfør treng også drivstoff.

Kl 11: Bil på parkeringsplass. Direkte-på-radio-utstyr endeleg oppe og går. Førehandssjekkar unnagjort. Hovudperson ikkje til stades, men sterkt engasjert kjæreste utspurt.

Kl 13: Tre direkteinnslag i føremiddagssending unnagjort. Aktørar påhelst, ungar tilsmilt. Bergknausar og buskvekstar overvunne, skjørt rive i kanten. Hovudperson på plass. BBC-kamera påskrudd. Reuters-kamera påskrudd. NRK-kamera påskrudd. Lesar tar teikninga.

Kl 15: Sprø mann nedkjølt, BBC-kamera avslått. Reporter på hjul. Takkar høge makter for lokalkontor i Sogndal. Redigeringsbærbar ubrukeleg utan gjengløymt kabel.
[I båten tilbake spurde ein kameramann om eg kjende nyheitsbyrået hans, Reuters. -Nei, sa eg, som trudde han hadde sagt Voices. Han sa ikkje så mykje meir etter det.]

Kl 17: Puls nedjustert til 200. Langsak og kortsak klipt i rekordfart.

Kl 19: Telefon mottatt - kortsak også på riksnett. Kinamat inntatt. Gebursdagsgåve innkjøpt. Sogndal såvidt forlatt.

Kl 21: Ytterdør lukka, godstol lovprisa. Sterk kjærleik til yrke innsett.

Kl 23: I narkose ved meterlange, supermjuke, kvitpelsa, alltidblide Reitan. [Ja - tipp kvar eg kjøpte han.]

søndag, mai 07, 2006

Denne veka startar eg som programleiar

Eller avviklar, som det heiter på fagspråket.

I starten skal eg først og fremst prata sogningar og fjordingar gjennom to føremiddagstimar, og sånn litt etter litt skal eg dra i spakane og.

Det vert spanande, men det er ikkje fokuset i denne posten.

For:

Min kontakt med mitt faderlege opphav kan i beste fall seiast å vera noko sporadisk. (Han ringer sjelden folk for å koseprata, eg ringer sjelden folk for å koseprata.)

Han fekk difor veta om programleiarplanane så seint som rett før helga, to veker etter eg visste det sjølv. Via e-post.

Mail from Mongstad:
"Jaja. At du er ambisiøs har du i alle fall etter meg."

Mail from Førde:
"Tja. Og arvelegheit er noko ein trur på den dagen ein får intelligente barn."

tirsdag, mai 02, 2006

Vil du ha hjartet mitt?

Leveren?

Milten?

Kanskje heller ei lunge?
(Eg røykjer ikkje, så dei er fine.)

Eg er ikkje fyllt 25 år, og har på ingen måtar planlagt å forlata denne verda. Men det er lenge sidan eg tok stilling til organdonasjon.

Sjølvsagt skal eg redda andre liv, viss eg kan det.

Der ligg jo også kva eg meiner andre bør gjera.
Men det aller viktigaste er å ta stilling.
Og deretter å fortelja dei pårørande kva ein vil.
Det er slemt å overlata ei slik avgjerd til dei.

Og til deg med religiøse grunnar til å sei nei:
Treng englar bukspyttkjertel?