onsdag, november 30, 2005

Uff - eg forelska meg visst i kveld

Mannen i mitt liv har eit vakkert ansikt, ein usannsynleg sjarme, ei heilt enorm utstråling, ei stor sangstemme - og eit endå større rusproblem. Dessverre døde han fire år før eg var fødd.
Takk til Volum filmklubb: For sterke og gode filmopplevingar.
Oppfordring til alle: Få med deg "Elvis - That's The Way It Is".

mandag, november 28, 2005

Første søndag i advent: Amsterdam

Kanontur! Bra by, bra reisefølge og generelt veldig bra utbytte av fem dagar i eit nytt land.
Amsterdam er ein veldig spanande by. Arkitekturen er så pen at ein ikkje kan unngå å nevna den, og byen lever opp til ryktet som liberal. Etter ei lita veke i den nederlandske hovudstaden kjenner eg lukta av hasj og lyden av lovleg prostitusjon. Eg har passert opptil fleire sex-kinoar og "Live Sex Shows", og eg har stoppa opp og lest oppskrifta over kva type rus ein oppnår med dei forskjellige typar soppar ein kunne få kjøpt i akkurat den butikken. Slikt vert rart, litt påtrengande og -på eit vis- ganske eksotisk når ein kjem frå eit land der vanlege sigarettar er uglesett.
No skal ikkje eg meina så veldig mykje om ei eventuell hasj-legalisering i Noreg, men eg trur ikkje det er det verste som kunne skje. Ved å presentera hasj så rett i ansiktet på folk, vert det veldig avmystifisert.
Nei, eg veit ikkje.
Føler i alle fall at eg har fått utvida horisonten min etter fem dagar i eit anna land. Det er jo slett ikkje verst.

tirsdag, november 22, 2005

Presis og nøyaktig sånn her føler eg meg no


Etter å ha spandert opp mot tre veker på arbeidet med den, og etter å ha tilbrakt dei siste 26 timane på skulen, har me endeleg klart å dra i havn semesteroppgåva i medievitskap. Gromoppgåva.
Håpar dei gjenkjenner eit storarbeid når dei ser det.

Klokka sju i morgon tidleg går bussen til Ålesund. Derfrå skal me fly via Oslo til Amsterdam. Satsar på at det vert gode greier.

Eg satsar samstundes akkurat minst like sterkt på at blogglesarane mine klarar seg utan meg fram til neste veke.
(Dei fleste av dykk skriv oppgåve uansett.)

No: Te.
Så: Sove.

søndag, november 20, 2005

Helsikes lureri

Det er under to døgn til eg må levera semesteroppgåva. Eg har overhodet ikkje tid til blogging. Men eg gjer det likevel.

Eg har blitt lurt.
Eg er forbanna.

Midt i ein lang og slitsom oppgåveperiode er det veldig hyggeleg å få e-post, særskild når den kjem frå ei eg ikkje kjenner spesielt godt, men som eg har sett som veldig triveleg. Det er ein link til ein sånn kjærleikslivstest. Hm. Spanande.

Your first crush?
Åja, enkelt, det var Åsmund, som eg var saman med i tre dagar på konfirmantleir i åttande.
You biggest crush?
Oj. Det er litt verre. Eg er ikkje heilt sikker, og bittelitt skeptisk, så eg skriv berre "Andre".

Heldigvis.

Etter å ha fått spørsmål om eg ser porno, om eg vert tiltrukke av eige kjønn, kva som tenner meg, kva eg tenker på under sex og kor mange gongar i veka eg masturberer, får eg vita at alle svara mine har vorte send til ho som sende meg linken til teksten.

You've been fooled.

Kjempegreier.

Problemet med slikt er at den som vert sint og ikkje likte spøken, ikkje har humor og er eit kjedeleg menneske. Det drit eg i. Det der var ikkje morsomt. Den går langt over dei fleste menneske si intimgrense.

Heldigvis utleverte eg meg sjølv minimalt.
Men om eg så hadde vore ei skaplesbe som tente på bondage og onanerte dagleg, så ville det framleis vore mi sak, og mi åleine.

fredag, november 18, 2005

Eg, meg sjølv og Heidi

Det er stille her inne om dagen.

Det er nok berre å beklaga, men eg har verken tid eller kreativitet til overs for tida. I kveld brakar det laus med Studentradioenstudenthuset. Me legg opp til ei sendeflate mange produsentar ville kvidd seg til, men eg trur det vert kanon både -bra og -gøy.
Ellers nyttar eg tida til å dra i land semesteroppgåva, som skal leverast på tirsdag. Eg var skikkeleg lei ei stund, men no har eg sett lyset. Eg måtte intervjua mitt journalistiske førebilete Kari Sørbø til oppgåva i dag, og då innsåg eg at semesteroppgåve ikkje er så ille.

Velvel.
Kari Sørbø sin lojalitet ligg hjå lyttarane hennar.
Min ligg dessverre ikkje hjå lesarane mine akkurat om dagen.
Lovar å komma sterkare tilbake.
Enn så lenge kan du kosa deg med denne.

lørdag, november 12, 2005

Instant kjendis

Ein gong i fjor fekk me sanninga.
Ei forskarblekke hadde undersøkt forholda, og konkluderte med at medan journaliststudentane i Oslo var mest opptatt av politikk og religion og sånt, ville me i Volda først og fremst verta kjendisar.

Vel, frendar - legg ned pensumbøkene. De treng ikkje anstrenga dykk meir.
De treng ikkje ein gong slita dykk gjennom ti veker på ein gård i audemarka, overleva på ei øy i Stillehavet eller verta bonde og senda kontaktannonsen til TV2. De treng ikkje ein gong pula på TV.

Bergens Tidende tar saka.

onsdag, november 09, 2005

Metablogging

Enkelte erfarne bloggarar syns det har gått for langt, medan andre syns heile bloggopplegget er ganske opphausa.
Sjølv tok eg ikkje så mykje stilling til det i det heile. Det er ikkje så viktig for meg å meina noko om absolutt alt absolutt heile tida. Men då eg var innom på dagbladet.no tidlegare i dag og såg at min gamle ven Vidar Hodneland hadde hovudoppslaget med ein bloggpost, då skjønte eg kva dei meiner.

Ikkje eit stygt ord om Vidar, men ganske mange om Dagbladet.

Den åttande landeplaga

Frosk har vore mitt favorittdyr i ei årrekke, men ein stad går grensa.
Gjer ein innsats for konge og fedreland her.

mandag, november 07, 2005

Feberframkallande superatlas

I dag fekk eg Orions store verdensatlas i posten.
Det kriblar i passet og eg kjenner at reisefeberen slår ut i heile kroppen.

No er det jo ikkje slik å forstå at det er synd i meg, slett ikkje. Eg har det veldig bra i Volda, men det er vel ikkje til å gøyma under ein sofa at fjella gir meg litt klaus i blant.

Dei neste to vekene har eg tre store ting på tapetet:
- Arrangera Medieball
- Få til ei langsending med Studentradioen frå studenthuset Rokken
- Skriva 30 sider semesteroppgåve om konseptet Demostasjon

23.november reiser eg til Amsterdam saman med Volda-studentane Jane, Jørgen, Hilma og Reidar, og medievitarane Egil og Lars for å presentera prosjektet vårt.

6. desember skal eg til Praha med bestevenninne-sidan-barnehagen Eli for julehandel og storbyferie.

16. desember reiser eg rett frå eksamen og hybelutflytting til København for kurs for norske journalistarærverdige Schæffergården.

Er det forresten ulovleg å linka til andre sine bilete?

lørdag, november 05, 2005

Tilgi meg

...dette er rein reklame:

Medieball, folkens!

30. november; kl 20; arrangerte vorspiel; talar; god mat; alkohyler; vakre menneske; masse gøy; alle på AMF pluss mediekunnskap.

200,-; SfS på BK; innan 18. november.

Takk.