fredag, desember 30, 2005

Den fyrste song for siste gong

...i alle fall i dette året.
Med den vakraste songen eg kjenner, ønskjer eg deg eit
lukkeleg og fruktbart nytt år.

---

Den fyrste song eg høyra fekk
var mor sin song ved vogga.
Dei mjuke ord til hjarta gjekk,
dei kunne gråten stogga.

Dei sulla meg så underleg,
så stilt og mjukt te sova.
Dei synte meg ein fager veg
opp frå vår vesle stova.

Den vegen ser eg enno tidt
når eg fær auga kvila.
Der stend ein engel, smiler blidt,
som berre ei kan smila.

Og når eg sliten trøytnar av,
i strid mot alt som veilar,
eg høyrer stilt frå mor si grav
den song som allting heilar.

(Per Sivle)

tirsdag, desember 27, 2005

Dette vart den jula då..

...eg fekk mykje bestikk - og vart skikkeleg glad for det. Eit puslespel i 1000 bitar, mange pene stearinlys og ein straumdriven appelsinjuicepressar er eksempel på andre høgdepunkt i gåvehaugen.

...eg nesten måtte laga både pinnekjøtt og svineribbe, men eg klarte heldigvis å innhenta kompetent hjelp. Når mor har jobbehelg og far bur ein annan stad, er det ikkje berre berre å vera storesøster midt i verste julemiddagkjøret.

...eg lærte pappa minesveiper, medan tanta mi lærte meg grunnleggande poker.

...eg ikkje jobba i det heile, verken i varmen frå bakeriovnar eller avispresse. Eg hadde eigentleg tenkt å prøva å få nokre nattevakter på gamleheimen, men sidan eg startar i ny jobb nokre dagar ut i det nye året innvilga eg meg å ha heilt julefri.

...eg såg den mykje omtalte Narnia-filmen. (Viss det er lov å foregripa hendingane. Me skal sjå den på torsdag.)

lørdag, desember 24, 2005

Eg ønsker deg ein fabelaktig bra julekveld!

onsdag, desember 21, 2005

A/S Lysfontene

Eg skulle spasert inn døra heime no. Lillesøster skulle hengt rundt halsen min i tre minutt, og juleferien skulle vera eit faktum.

Men nei.

Tre timar etter flyet mitt skulle gå sit eg framleis på Gardermoen, gretten og usjarmerande.

Eg veit godt at pilotane ikkje kan hjelpa for dårleg vêr.
Det er då heller ikkje det som irriterar meg.

Først var beskjeden at me måtte gå av flyet. Veret var for dårleg for letting, og me ville få nærare beskjed.

Ein time seinare fekk me beskjeden. Flyet vårt var kansellert.
- Alle berørte passasjerer bes henvende seg til SAS Braatens skranke i avgangshallen.

Javel.

Ei lita klynge sure bergensarar kjem dit før meg. Greitt det. Eg er nummer 613. No er dei på 589. Det bør jo forholdsvis fort. Eg set meg ned og pløyar gjennom nokre kapittel i Engler og demoner. Eg har kost meg med den i timesvis allereie, først på Kastrup og så her. Etter ein halvtime melder tolmodet pass. Kva er det her då? 001? 003? 007? Har dei begynt på nytt?

Nei.

Det er middelaldra menn i lang frakk som flashar gullkortet og får snika i køen.

Jaja, tenker eg. Sånn er det å reisa på økonomiklasse.

Nesten ein time seinare er eg ikkje like overbærande. Gullkortfrakk nummer 019 og eit utal eldre (ja, dei gamle er verst) flytaparar har fjuska seg framover i køen. Sistnemnde har ikkje gullkort, men eit ego som skulle tilsvara slikt noko.

Ein time og tjue minutt etter eg trakk kølappen kjem eg til.

- Eg ombookar deg til flyet 2330.
- Går det då?
- Det veit eg ikkje.
- Kva skjer viss ikkje?
- Då må du sova her. Neste!

Og no:
New time 0020.

mandag, desember 19, 2005

For dum for fordommar

  • Eg er europear.

Amerikanarar ser ned på meg fordi eg er vrang å ha med å gjera.

  • Eg er skandinav.

Sydeuropearar ser ned på meg fordi eg er kald, uvenleg og asosial.

  • Eg er norsk.

Danskar ser ned på meg fordi eg er ein oljebortskjemt fjellape.

  • Eg er vestlending.

Austlendingar ser ned på meg fordi eg er provinsiell og snakkar feil.

  • Eg er stril.

Bergensarar ser ned på meg fordi eg brukar nynorsk.

---

Eg har altfor god sjølvtillit.

fredag, desember 16, 2005

Fjerde søndag i advent: København

Mi medievitskaplege karriere er over.
Eg gir meg på topp og trekker meg roleg tilbake etter å ha overlevd munnleg eksaminasjon. Der måtte eg og Hilde Marie forsvara semesteroppgåva vår om Demostasjon.

Dermed er også Demostasjon ute av verda for godt.
I alle fall for min del.

I dag flyttar eg frå Volda. Det vil seie; viss eg rekk å få alt i kassar og bossekkar i løpet av natta. Det vert vel populært om eg i tillegg rekk å få vaska over det heile i løpet av fredagen.

Eg skal ta nattbussen til Gardermoen, og fly derfrå til København laurdag morgon. I Danmark vert det kurs for norske journalistar, med medfølgjande sosialiteter. Kulturelle opplevingar vert det vel og.

Eg kjem heim til jul seint den 21. desember. Då kjem eg nok ikkje til å prioritera internett sånn heilt først.

Difor:

God jul, høgt verdsette lesar.
Måtte nokon dryssa englestøv og harde pakker på din veg.

torsdag, desember 15, 2005

Redd eit liv via SMS

Ok, den overskrifta var både forenkla og tabloidisert,
men det toler du.

Det fins enkelte ting ein rett og slett ikkje kan vera motstandar av.
Som Amnesty.

Ved å kasta seg ut i SMS-verda gjer Amnesty det no superenkelt å delta i deira underskriftskampanjar. Om lag 20 gongar i året ber dei mobilaksjonistane om underskriftsstøtte til saker dei jobbar med. Mobilt, sjølvsagt.

Send AMNESTY til 1960, og du er med på laget.

Juleagurkar

tirsdag, desember 13, 2005

Not in shops now!

Image hosted by Photobucket.com
Brudd = Fanzine = undergrunnsblad.

Eg er ikkje sikker på korvidt studentar i Volda kan hevda å utgjera noka undergrunnsrørsle, men no har me i alle høve fått vår eigen fanzine.

Blekka kom ut for første gong fredag før helga. Kulturentusiastredaktørane Anne Dorte og Håvard hadde egenhending trykt opp 150 eksemplar, som dei delte ut i kantina.

Om lag 10 skribentar har bidratt, og kvaliteten er upåklageleg.
Bra initiativ, folkens!

mandag, desember 12, 2005

Det e`kje dæ æ drar ifra

Tekst og melodi: Bjørn Vassnes

Har lurt mæ sjøl nu lenge nok,
Men nu veit æ at æ må gå.
La det`kje komme som et sjokk,
Du har hatt tid nok tell å forstå.
Du spør om kem deinn andre e.
Du har skjønt lite kainn æ se.
Det e`kje tell noen æ skal dra,
Og det e`kje dæ æ drar ifra.

Du e`kje verre einn folk flest
Æ trur du gjør så godt du kan
Men ailltid skall du være best,
dirigere alt med din forstand.
Du va tolmodig nok med mæ
Æ va jo ikkje så erfaren som dæ.
Ja, du va snill – takk skal du ha.
Det e`kje dæ æ drar ifra.

Du tok godt vare på mæ – det e saint
Æ slapp å ta ansvar – æ slapp å tenke
Men det kom over mæ iblant
Ei lenke av gull e dog ei lenke.
Deinn du var glad i – det va`kje mæ
Men kun en negativ kopi av dæ.
Æ va forkledning så altfor bra
Og det e deinn æ drar ifra.

lørdag, desember 10, 2005

Tredje søndag i advent: Konklusjonar

Etter fem dagar på Praha-tur har eg mykje eg skulle ha blogga om. Heldigvis - eller dessverre, alt etter som - er eg velsigna med gullfiskminne, så mykje har allereie svevd ut i det blå.
Eg skriblar difor berre ned nokre konklusjonar som eg har kome til dei siste dagane:

- Tsjekkarar verkar på generelt grunnlag lite livsglade. Både ho i souvenirsjappa, han på restauranten og dei i hotellresepsjonen orka så vidt å prata med oss, og eit smil kom ikkje på tale. Ikkje ein gong gateselgjarane såg verdien i varme og sjarme.

- Stirr aldri på ein naken mann som kjem ut av ei offentleg badstu i Praha. Det er lov.

- Jula kjem til å komma som ei kjerring på meg i år og, men no har eg i alle høve gåvene på stell.

- Stundom må til og med hobbykontrollfrikar som meg innsjå at sakn er ukontrollerbart.

- Dei som eig venterommet på Moa burde fått skryt for å skriva med blindeskrift på dodørene.

- Eksamenslesing er for pyser.

Og no siste timane etter eg kom heim:

- Folk må slutta å senda dei idiotiske luremailane om kven ein er forelska i og kor mange gongar i veka ein masturberer. No har eg fått tre nye. Eg vil ikkje ha fleire. Ikkje!

- Vaskemaskiner går faktisk ikkje fortare sjølv om ein stirrar på dei.

tirsdag, desember 06, 2005

Hjemme - borte - uavgjort

fredag, desember 02, 2005

Eg er eit popcorn

Det fekk eg vita i går. Ein tidlegare nemnd kverulant var frampå igjen i går, rett nok i rolegare og langt mindre provoserande former. Han meiner at jenter er ubrukelege før dei fyller 25. Dei er ustadige, masete, har 12 personlegdomar på ein gong og sprett rundt i alle retningar. Mest som popcorn.

- Jaha, sa eg, - og kor gamal trur du eg er?
- 27, tippa han, og eg trur han meinte det.

Unekteleg snålt, men framleis ein kompliment.
Sjølv om eg faktisk falsifiserer hypotesen hans.

torsdag, desember 01, 2005

Volda påfører meg rastløyse

Det er vel eigentleg ikkje heilt sant.
Rastløysa mi kjem innanfrå.

Det ligg noko i lufta på hybelen min om dagen.
Samstundes som eg kvir meg til å flytta herfrå om berre to veker, kan eg ikkje venta med å komma meg av garde.

Eg flyttar frå eit av Norges aller beste studentmiljø til den vesle vestlandsbyen Førde, der eg kjenner ca ingen. Eg klagar ikkje, eg ombestemmer meg ikkje - eg angrar ikkje på nokon måte. Men skummelt vert det. Einsemd er det verste som kan skje meg.

Men det er jo nettopp dette me alle traktar etter. Det er jobbar som denne me går her for å få. Eg har vel berre kasta ut i det litt før eg, i mitt nærast autistisk planleggjande hovud, hadde sett for meg.

Nei, for all del, jobben vert kjempespanande. Eg skal vera nyheitsjournalist dei første vekene, før eg skal byrja som nyheitsopplesar. Eg kjem til å få ein heilt ubetaleleg mengde verdfull trening i studio. Det kjem til å komma godt med når eg med tid og stunder skal ta over som Her og Nå-programleiar etter Kari Sørbø.
Jobben vert knallbra den, ingen tvil om det.

Håpar berre eg finn nokon å tilbringa kveldar med, sånn at eg ikkje vert konstant stundeslaus. I følge nye-sjefen min er det mange unge og familielause nrkarar der som heilt sikkert vil finna på ting utanom jobben, men enn så lenge tillet eg meg å verna meg sjølv i eit pessimismens slør.