tirsdag, juni 28, 2005

Tilbake i bedrifta

..eller back in business, som dei seier på anglosaksisk.

Oslo-turen var knallbra den. Sola skein som om ho var galen og eg fekk møtt mange gamle kjende. Torsdag kveld flykta Ann frå vestlandsveret, og bidrog til å gjera helga mi endå eit hakk betre. To Strilehøns på Oslotokt - det må jo bli bra, det.
To av høgdepunkta var vel kanskje alle horene og homsane me såg. Dessverre hadde me ikkje med kameraet på strøket, men mrs Anni foreviga mange homofile menneske.


Powerpuffgirls. Yeah.

I følge avisene var det 80000 som deltok på EuroPride. Eg tvilar veldig på at alle dei var med på paraden, men den var uansett veldig lang og underhaldande.


Mange fine hoftesvingar i denne forsamlinga.

Eg har aldri nokonsinne sett så mange flotte kostymar før. At transvestittiske fjør og matrosdressar dukka opp var vel ikkje så overraskande, men dei utstemte kardinalane kledde i knæsjrosa hadde eg til dømes ikkje venta å sjå.


Egypthomser!

Etter paraden tusla me bortover mot Aker Brygge. Det var vel ikkje heilt fritt for at prosentdelen hetrofile var heller dårleg akkurat der og då. Me valde oss ein favoritthomse og bad pent om å få knipsa han. Det fekk me. Sjølvsagt.


Har lenge tenkt at ein eventuell son skulle kallast Gabriel.
Hmmm.

søndag, juni 19, 2005

Dyrekjøpt livsvisdom

Eg tek meg fridomen til å leggja ut ein tekst som eg ikkje kan skryta på meg å ha skrive sjølv.

If The Man In The Mirror

When you get what you want in your struggle for self,
And the world makes you king for a day,
Then go to the mirror and look at yourself,
And see what that man has to say.

For it isn't a man's father, mother or wife,
Whose judgement upon him must pass,
The fellow whose verdict counts most in life,
Is the man staring back from the glass.

He's the fellow to please, never mind all the rest,
For he's with you clear to the end,
And you've passed your most dangerous, difficult test,
If the man in the glass is your friend.

You can fool the whole world down the pathway of years,
And get pats on the back as you pass,
But the final reward will be heartache and tears,
If you've cheated the man in the glass.

Dette diktet skal ha blitt funne på veggen i ei celle for dødsdømte. Forfattaren hadde då allereie fått si straff.

lørdag, juni 18, 2005

Ein smak av arbeidsliv

Eg lovde meg sjølv å ofra dette og neste skuleår fullstendig til læring. Ein liten jobb på si krev vel ikkje allverda, men det går hardt utover helgene. Så for ein kort periode av mitt liv, ville eg vera utan andre plikter enn dei studierelaterte.

Som ei direkte følgje av den tankegangen, er eg difor allereie i gong med sommarjobben. Nattevakt på gamleheimen passar meg heilt ypperleg. Me jobbar i ni timar, tener 1000 kroner natta og gjer alt i eit veldig behageleg tempo. Nattearbeid er ein helserisiko, og skal difor utførast i veldig rolege former. Eg vil tru at me har effektiv jobbing ein stad mellom fire og fem timar totalt i løpet av natta.

Etter fire veker i helsevesenet, skal eg tilbringa to veker i redaksjonen til lokalavisa Strilen, før eg planlegg tre veker fri. Sommarferie kallast det visst. Då drøymer eg om solkrem og paraplydrinkar. Men me får sjå.

No er det i alle fall småsøskenmoro på heimefronten og tenastørrelseXLartigheter på jobbfronten som er livet. Reint bortsett frå den neste veka, då eg skal ein tur til hovudstaden for å speida etter gamle kjende.

Håpar sommaren din er like fin som min! :)

onsdag, juni 15, 2005

Sommarstart

Og der var sommaren i gong.
Ei veke etter siste studieplikt var unnagjort, sit eg heime ved kjøkkenbordet hennar mor. Ein stor koffert, ein raud sykkel, ein tung ryggsekk og ein sliten meg har bussa frå Sunnmørssol, via Sogn og Fjordane-regn, til Strileopplett på ein ganske vanleg tysdag. Tillitsvaldoppgåva var den siste Volda-jobben for sesongen. Den leverte eg for åtte dagar sidan, og fekk veta i dag at den er godkjent. Medan sensoren har kosa seg med åndsverket mitt, har eg hatt ferie i Ulstein. Åge André sin eigenarrangerte humorfestival bydde på mykje moro, og både familien Breivik og Åge A sin amerikanske ven Mike var verkeleg verd ei veke av mitt liv.

Eg kan no leggja inn Hareid på kommunar-eg-har-vore-i-lista. I dekningsområdet til Radio Volda manglar eg med det berre to av sju kommunar. Det kvalifiserer vel nesten til jobben som utanriksreportar.
Dessverre, må ein vel på mange måtar sei. Det er utruleg fint der ute på ytre søre. Dette biletet er frå den kjende fugleøya Runde, teke med nasa mot Ålesund.


Eg hadde ikkje hjarte til å gjera det om til svart-kvitt.

Tusen takk for meg, Åge A!

tirsdag, juni 07, 2005

Klok siddis om journalistikk

Stundom kjem ein over spaltistar som skriv nøyaktig det ein sjølv tenker. Eg har eit slikt forhold til kulturredaktør i Stavanger Aftenblad, Svein Egil Omdal. Sjekk ut det han skriv om rasismen i journalistikken, i artikkelen "De gode, de norske og de kriminelle".

For ein ung og idealistisk journalistspire, er det ein god klapp på skuldera når etablerte mediefolk stadfestar dei problemstillingane ein sjølv er oppteken av.

mandag, juni 06, 2005

Geiranger innfridde



Dagen etter eg tok sommarferie og to dagar før markeringa av unionsoppløysinga, fann eg meg sjølv ståande innerst i ein av dei mest besøkte fjordane i Noreg - sjølvaste Geiranger. Stupbratte fjell og ein smidig buktande fjord gjorde sitt beste for å leva opp til postkorta, men dessverre svikta sola.

Det skulle likevel bli ein kjempefin tolvtimerssøndagstur, der me etter å ha sett Geiranger fekk med oss Trollstigen, Zakariasdemninga og Trollveggen, i tillegg til fire ferjer og ein MacDonalds. Du store. Dette er verkeleg eit vakkert land.

fredag, juni 03, 2005

23 år og udødeleg

Bob Dylan gav ut originalen i 1969, og Magnet har gjort stor suksess med den på denne sida av årtusenskiftet. Det vert nok likevel ein enkel norsk student som fyller Lay Lady Lay sitt potensial til det ypperste.

Det er rett og slett ikkje meir å gjera med den når eg har gitt ut den sjølvbiografiske "Lei Heidi, lei!".

Duverden så kreativ ein blir av å skulle skriva 20 sider om møteleiing.

Heidi er flink og lagar ein link

Haha - enkelte har for mykje fritid!