mandag, oktober 30, 2006

Fakta om fylket

Snart eit år i Sogn og Fjordane - dette har eg lært:

- Sognefjorden er den lengste (204 km) og djupaste (1308 m) fjorden i Norge. Den er nummer to i verda - grønlandske Scoresbysund skal vera lenger.
- Nærøyfjorden er ein sidearm av Sognefjorden, og den kom på UNESCO-lista i fjor. Vart saman med Geirangerfjorden nyleg kåra til mest verdsett av alle verdsarvstadane av det amerikanske bladet National Geographic Traveller.
- Hornindalsvatnet er den djupaste innsjøen i Europa (514 meter).
- Førde er sentrum i fylket, men det vert administrert frå Hermannsverk på Leikanger.
- Rett over 100.000 innbyggjarar. Av dei bur litt over halvparten i tettbygde strok, mens resten bur spreiddbygd.
- Stort på fisk, frukt og fylkeskjensle. Minst på kriminalitet.

Nordfjord, Sunnfjord og Sogn
Nei, dei heiter ikkje Sogn-og-fjordingar. Fylket er tredelt, og det er klare skillelinjer. Nordfjord ligg rundt Nordfjorden og grensar til Sunnmøre i nord. Sunnfjord ligg midt i fylket; omtrent frå Vadheim ved Sognefjorden i sør til vakre Våtedalen rett sør for Byrkjelo i nord, frå kystbyen Florø i vest til du skimtar Jostedalsbreen over Jølstravatnet i aust. Sogn føl ganske enkelt Sognefjorden, og er dermed fogderiet som grensar til Strilelandet i sør. Fylket grensar til Oppland og Buskerud i aust. Folkelynnet skal ifølgje soga følgja fogderia; nordfjordingen er disiplinert og militær, sunnfjordingen er treig og skal alltid "ete fysst", mens sogningen er lettliva og storkjefta. Denne inndelinga er viktig å kjenna til. Ta _aldri_ ein sogning for å vera sunnfjording. Den leggbæsjen vil stinka lenge.

Førde, Florø og Måløy
Førde er fylkessentrum, men mislikt av mange. For berre 50 år sidan var det stort sett berre bønder her, men så vart det gjort eit politisk vedtak om at dei trengte ein by midt i fylket. Sidan det har byggjinga gått fort, og Førde er forventa å verta den største byen i fylket før utgangen av 2006. Geografisk er plasseringa perfekt. Likevel er det framleis i dag få som eigentleg har lyst til å anerkjenna Førde. Nordfjordingane og sogningane likar dårleg at denne betongoppsamlinga av kjøpesenter og parkeringsplassar skal vera fylkeshovudstaden, og brorparten av sunnfjordingane føler ikkje så mykje meir patriotisme dei heller.
Det set oss over til den andre byen i Sunnfjord; Florø. Den ligg heilt ute i havgapet, og har vore by i over 100 år. Framleis er det den byen i fylket med mest folk, men Førde går altså om kort tid forbi. Florø har vokse til by i eit langt meir naturleg tempo enn Førde har fått tid til. Den har nok difor på mange måtar eit meir typisk bypreg, med små gater og ei dialekt som ikkje er så langt unna bergensk.
Den siste byen ligg i Nordfjord, og heiter Måløy. Den har rundt 4000 innbyggjarar, og havet og fisket er viktige inntektskjelder.

Fylkeskjensla
Overskrifta "Fakta om fylket" var ikkje tilfeldig. Dei kallar det berre det. Fylket. Fylkesindentiteten er uvanleg sterk, mykje sterkare enn den eg føler til Hordaland, rogalendingar til Rogaland eller Oslofolk til Oslo. Ein kollega av meg meinte det er fordi dei er vande til små kår. Det er det kanskje. Men i enkelte saker slåss dei så fillene fyk mellom dei tre fogderia. Det kjem til uttrykk i sjukehussaka. Sentralsjukehuset ligg i Førde, medan dei har mindre sjukehus i Lærdal i Sogn, i Florø og på Eid i Nordfjord. Helseføretaket slit med store underskot, og vil ikkje kutta hjå det største sjukehuset. Men dei små sjukehusa er for ein stor grad freda, og aksjonistane er veldig aktive. Av integritetsomsyn stoppar eg der.
Sogningane og fjordingane er dessutan veldig glade i fylkesradioen sin - prosentvis har me dei høgaste lyttartala av alle distriktssendingane i NRK. Dessutan har me eigne folk på huset som har laga eit stort og solid Fylkesleksikon, og me kallar dei regionale nyheitene for Fylkesnytt. Selskapet som har frakta folk og fe over fjordane i nærare 150 år heiter sjølvsagt Fylkesbaatane.

Kjelder: Fylkesleksikonet, Wikipedia og Statistisk sentralbyrå.

onsdag, oktober 25, 2006

American memories

Sytten dagar. Sju statar. Fem menn. Ei Heidi.

Typisk bratt gate i vakre San Francisco. Alcatraz i horisonten.

Close up: Roy, Ingvar, Vegar og litt Roar.

Golden gate i strålande solskin.

300 meter over Las Vegas.

Piknik i det fri vart det opptil mange av. Bjarte til venstre.


(Og eg har ingen respekt for opphavsretten.)

fredag, oktober 20, 2006

Ny vår i Førde

Dei har forlenga vikariatet mitt til august. Nett fint.

onsdag, oktober 18, 2006

100 år og like sprek

Eg hadde ikkje noko spesielt forhold til Jakob Sande før eg kom til Sunnfjord. Men eg har verkeleg fått augene opp for diktaren.




I morgon vil eg byrja
på eit nytt og betre liv,
trur eg.
Eg skal aldri gå på fylla meir
og skjera folk med kniv,
trur eg.



I år er det 100 år sidan han var fødd, noko me i NRK Sogn og Fjordane markerer ved å laga ein sju episodar lang serie om han.

Gåsa og katten og hanen var leie av livet her.
No ville dei ut i verda og freiste si lukke der.
– Her går vi på bondebygda som åte for rev og ramn.
Nei, då er det andre tider hjå kongen i Københamn.

Serien tek opp forskjellige deltema, og ser Sande frå ulike vinklar. Den er verkeleg bra, og definitivt verd nokre kvarter av ditt liv.

Det lyser i stille grender
av tindrande ljos i kveld,
og tusunde barnehender
mot himmelen ljosi held.

Episodan vert lagt ut på nettet etter kvart som dei har vore på lufta. Du finn dei her. Tips: Start med den første, der me får møta den einaste gjenlevande søstera hans. Den er nydeleg.

lørdag, oktober 14, 2006

Den dag kjem aldri

...at eg gløymer denne fantastiske songen.

------

Den dag kjem aldri at eg deg gløymer,
for om eg søver, eg om deg drøymer.
Om natt og dag er du like nær,
og best eg ser deg når mørkt det er.

Du leikar kringom meg der eg vankar,
eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.
Du støtt meg følgjer på ferdi mi,
som skuggen gjeng etter soli si.

Når nokon kjem og i klinka rykkjer,
d'er du som kjem inn til meg, eg tykkjer;
eg sprett frå stolen og vil meg te,
men snart eg sig atter ende ned.

Når vinden lint uti lauvet ruslar,
eg trur d'er du som gjeng der og tuslar;
når somt der borte eg ser seg snu,
eg kvekk og trur det må vera du.

I kvar som gjeng og som rid og køyrer,
d'er deg eg ser, deg i alt eg høyrer:
i song og fløyte- og felelåt,
men endå best i min eigen gråt.

Aasmund Olavsson Vinje

onsdag, oktober 11, 2006

Jo, faktisk



I går
ringte
telefonen
berre
fordi
eg såg på den.

fredag, oktober 06, 2006

Det store i det små

Media og journalistikk har interessert meg i mange år. Difor hadde eg sjølvsagt medievitskap som studieretningsfag på vidaregåande, og det var i læreboka der eg såg dette sitatet:

Journalistikk handlar om å sjå det små i det store, og det store i det små.

Eg skjønte det ikkje heilt då, men det har kome litt etterkvart.

Å driva journalistikk i Sogn og Fjordane handlar for ein stor del om det siste; å sjå det store i det små. Det skjer lite i fjordfylket. Me får veldig få hendingar og viktige avgjerder i hendene. (Likefullt er me det distriktskontoret som har flest nyheitssaker på riksnettet, men det er ei skrytehistorie som får liggja til ein annan gong.)

Men altså. Statsbudsjettet. I dag. Det handlar derimot i aller største grad om å sjå det små i det store. Ei lefse på nokre hundre sider. 25 kommunar. Forklart enkelt på maks fire radiominutt. Kinkig.

Det gjekk i grunn veldig bra, etter litt svette og tårer. Men mens eg sat der og sleit kom eg til å tenka på eit anna veldig treffande ordtak om faget mitt:

Journalistikk er å forklara andre det du sjølv ikkje forstår.

onsdag, oktober 04, 2006

Slapp skribent - bad blogger

1. Barn
2. To fulltidsjobbar
3. Sjukdom
4. Periodiske skrivesperrer
5. Midlertidig mangel på PC
6. Ferie
7. Graviditet

Ja, det var vel det. Sju gode grunnar til å skulka unna blogginga. Og ikkje ein einaste ein eg kan bruka.



Eg må berre beklaga. Sidan sist har eg tapt finalen i bedriftscupen bitre 1-0 for Sporten, begynt på treningsstudio, fylt 25 år, vore på journalistkonferanse på Voss og sove 13 timar natta derpå.

Men eg får sei som vår største konkurrent; SE HVA SOM SKJER!

1. Bilete frå USA - ei rundreise
2. Signe maten - eit matprogram
3. Chuck Norris - ein mann med draget

Snart. Eg lovar!