4. februar:
Gro Harlem Brundtland vert vår første kvinnelege statsminister. To månader seinare vert ho også partileiar i Arbeidarpartiet. Denne første perioden hennar som statsminister vert kort; Ap taper valet om hausten. Gro går av i oktober, og er først tilbake i sjefsstolen 9. mai fire og eit halvt år seinare.
1. juni:
Torolf Elster går av etter ni år som kringkastingssjef. 70-åringen kan sjå tilbake på fleire tiår som ein viktig person i norske media. Bjartmar Gjerde vert ny NRK-sjef.
24. august:
Her og nå er på lufta for første gong. Radioprogrammet startar opp med ein litt annan profil enn i dag, men det har heile vegen vore det tabloide nyheitsalternativet til Dagsnytt i NRK P1.
9. september:
Legendariske Bjørge Lillelien: "Norge har slått England 2-1. Aldeles utrolig. England: Kjempers fødeland. Lord Nelson, Lord Beaverbrook, Sir Winston Churchill, Sir anthony Eden, Henry Cooper, Lady Diana. Vi har slått dem alle sammen!"
24. september:
Framtida fødast.
16. desember:
Hedmarkstoppen folkehøgskole vert den første nærradioen i Noreg med konsesjon. Dermed er det 48 år gamle NRK-monopolet oppheva.