torsdag, november 30, 2006

Mens me ventar

La meg sei nokre ord om det.

Først ventar me på å få begynna på skulen. Nokre år seinare ventar me på å få reisa over på ungdomsskulen, så er det vidaregåande etter det. Omtrent når det skjer, ventar me intenst på å få kjøpa alkoholen sjølv, komma inn på stader der alkohol vert konsumert, og gjerne å få køyra rundt i stygge raude dressar i stygge raude bilar for å gjera dumme ting. Då har du liksom kome ganske langt.

Deretter føl nokre år der ein ventar på å få kjøpa alle sortar alkohol, ein ventar i ulike tidsrom på ulike eksamenar, og gjerne ventar ein og på å finna den store kjærleiken. Og så vidare.

Eg er i ein livsfase som er sterkt prega av venting. Eg ventar på å få ein fast jobb, slik at eg kan kjøpa leiligheit og finna roen for nokre år. Eg ventar på å få avslutta utdanninga mi, og eg ventar på å få reisa til Trondheim for å praktisera i Her og nå. Dessutan ventar eg på at ein fabelaktig mann skal banka på døra mi.

Livet er det som skjer mens me planlegg alt anna, sa ein klok mann.

torsdag, november 23, 2006

I avdeling for sjølvskryt

Tøff, tøffare - eg er tøffast!

(Eller: Skal-du-først-tøffa-deg-så-sørg-for-at-nokre-hundretusen-får-det-med-seg. Høyr frå ca 41. minutt.)

tirsdag, november 21, 2006

Tafseforbodet har ingen øvre aldersgrense

- Man må tåle litt. Gamle menn har også en seksualdrift. Helsepersonellet må tåle litt ekstra fra dem.

Omtrent det sa ho. Med sol i stemma og dei beste intensjonar.

Eg hugsar ikkje namnet hennar, men sitatet har eg frå vår største kommersielle radiokanal. Eg hugsar ikkje tittelen hennar heller, men den tilsa at ho kunne meina noko om emnet.

Temaet var eldre og seksualitet. Ho meinte damene i helsevesenet måtte vera med på ein flørt, og godta litt meir frå stakkarane som ligg der så hjelpelause.

Eg kjente eg vart sint.

Å tåla ein flørt er heilt greitt, det gjer dei aller fleste. Men kor mykje skal damene ta imot?

Som nattevakt på gamleheim opplevde eg litt forskjellig dei to foregåande somrane. Stort sett var tilboda harmlause og litt sånn desperatkåte. Men det vert ikkje akkurat kjekkare å stå der i mørket når mannfolka gjerne ville hatt besøk under dyna.

Ein nattleg episode hugsar eg spesielt godt.

Han hadde sige langt ned i senga. Eg tok tak under armane hans, for å dra han oppigjen.
- Eit lite augneblink, eg skal berre hipsa litt på deg, forklarte eg.
Mannen såg sitt snitt til å legga handa under det høgre brystet mitt:
- Å. Eg skulle no ha hipsa litt på deg og, sa han, mens han strauk oppetter brystet.

Eg kvapp til, og trengte eit sekund på å summa meg.
Då foreslo han at eg skulle krypa oppi til han.

Ikkje fortel meg at damene i helsevesenet skal godta slikt.
Ikkje!

tirsdag, november 07, 2006

Her og nå - der og då

Då var det klart:
Eg får ta praksisen min i siste Volda-semester i Her og Nå.

Eg har tidlegare uttrykt mi begeistring for aktualitetsprogrammet.

Klumpen i magen er veldig stor, og delt mellom glede og nervøsitet.

Og for dei som måtte lura, så medfører dette ein to månaders permisjon frå Førde. Eg skal tilbake hit i april.