tirsdag, januar 31, 2006

Ingen pave, men litt skryt

Viss du vert kvalm av sjølvskryting - trykk på x'en i høgre hjørne.

Her og Nå er udiskutabelt det beste nyheitsmagasinet me har her til lands.

Den som kjenner meg, veit at eg ser det å vera programleiar i Her og Nå som ein draumejobb.

Den som kjenner meg godt, veit at noverande Her og Nå-programleiar Kari Sørbø er mitt journalistiske idol.

Difor var det veldig rart å høyra at ho utannonserte meg som reportar på den siste Her og Nå-saka i dag. Brarart. Deiligrart.

mandag, januar 30, 2006

Døgnopne barnehagar

Sjølvsagt skal me ha det.

I 2004 valde foreldra til 20 861 born å ta ut separasjon.
Kvart fjerde born bur med berre ein forelder. Det er vanlegvis mora.
Kvinner har ein tendens til å jobba i omsorgssektoren. Det inneber veldig mykje skiftarbeid.

I Sverige har dei hatt døgnopne barnehagar i mange år. Og det funkar finfint. Då vert det litt håplaust av barneombudet å frykta kenneltilstandar viss me prøver det same her.

Så mange som 89 prosent av 5-åringane gjekk i barnehagen i 2003, likevel skal det ikkje kunne veljast som ei praktisk løysing når åleinemor (eller for all del -far) treng barnepass etter klokka fem om ettermiddagen.

Det er dumskap.

torsdag, januar 26, 2006

Opphavsrettsleg korrekt

"Veslebror. Steinen. Havet."

Nokon stor fotograf er eg ikkje, men dette er eg ganske nøgd med.

onsdag, januar 18, 2006

Mediaminuttet

Nyheitskriterium. Vagt ord. Eg har lest mange fine definisjonar av det, men eg hugsar ingen av dei. Då er Gullfisklova fin. Eg har innemellom nevnt den for mine medstuderande, men det er overraskande få som har høyrd om den. Difor:

Den følelsen vi får når en million kineserer sulter i hel, ti tusen indere drukner, et par franske ungdommer blir myrdet, en bekjent kommer ut for en bilulykke, nabokona brekker beinet - eller hvis gullfisken dør i vårt eget akvarium. (G. Klein)

tirsdag, januar 17, 2006

Fersk journalist (24) overser opphavsretten

Dette biletet stal eg frå den same fotokåringa som det i førre post:

søndag, januar 15, 2006

Resignasjon

Innemellom vert livet litt overveldande og eg veit ikkje heilt kva eg skal seie, fordi eg ikkje kan nokon ord som dekkar akkurat det eg har på hjartet - og dei orda eg kan seier alt for mykje.

fredag, januar 13, 2006

Billig, men bra bloggløysing

tirsdag, januar 10, 2006

Eg lever så lenge eg lærer

Eg kunne ha skrive mykje om læringspsykologi. Det var min favorittdel i eit generelt interessant grunnfag i pedagogikk.

Men det får verta ein annan vals.

Eg kjenner læringskurva går rett til himmels om dagen. Radiostudiet i Volda er utan tvil ein god førskule for NRK, men det fins framleis ein del å setja seg inn i; arbeidsverktøyet er nytt, rutinene er nye, kollegaene er nye og for min del er også fylket nytt.

Eg grip etter informasjonen som flaumer rundt meg i beste blekksprutstil, og forstår stadig betre kvifor det fins eit Flink Pike-syndrom. Eg var på lufta for første gong i dag, først med ein aktualitetsreportasje i morgonsendinga, og så med fem nyheitsbulletinar utover ettermiddagen. Lesinga går rett bra, så no er neste skritt å kunne ta ansvaret for teknikken samstundes.


Rom var ikkje bygd på ein dag.
Det får vera dagens dose læringspsykologi.

søndag, januar 08, 2006

Made in Denmark - ein kvardagssnutt

Scene: Eg åleine ved eit kafebord i eit trendy kjøpesenter i Køben, ei snau veke før jul. På bordet framfor meg ein kaffe mokka og tre-fire postkort. Eg lagar tenkeansikt og skriv litt no og då på eit av dei.
Til deg:

Mangelen på det ein på krampe-urbant kallar shopping-gen er veldig praktisk i tider då økonomien er knapp. Det kompliserer det heile ein tanke at alle rundt meg ikkje er i tvil om å ha det, men eg er då stor nok til å kunne underhalda meg sjølv innemellom.
- Kaffe som smaker sjokolade, takk, sa eg på min beste bergensk-dansk til mannen bak disken, og planla å sitja ein halvtime og verta roleg av å sjå på alle dei kjøpegale.

Slik gjekk det ikkje.

Eg vert både oppgitt og oppkava. Det er så tett oppunder jul at folk ikkje har tid til å stå i ro i rulletrappene. Uansvarlege mengder raudt og spygrønt stadfestar at fargesynet framleis er i orden, og hyppigheten pelskåpekledde er nesten like påfallande som i Praha (der er dei rå på den fronten). I underetasjen hyler ein unge i mangel på tolmod og frå taket gaular Celine Dion at ho alltid vil elska meg.

Eg stenger sansane og innvilgar meg ein svart femsekundar.
Sjelefred gjenfunne.

På nabobordet står den danske framtida. Ho er så lita at ho framleis treng ståhjelp frå mor, og smokken dekkar heile ansiktet. Me flørtar og vinkar og vert rett gode vener.

Velvel.

Eg er ikkje så bra for marknadsøkonomien.
Men eg trur eg er bra for meg sjølv.

onsdag, januar 04, 2006

Her budde lensmannen i Førde før


...men eg er sikker på at han ikkje hadde det så koseleg som eg har fått det no.
(At det er gitter for vindauga i kjellarboda er eit faktum eg vel å sjå vekk frå.)


Dette er då altså stova mi. Til venstre står eit lite bord med to stolar, og til høgre er ein liten kjøkkenkrok. I tillegg til bad og soverom er dette det einaste eg treng. (Og det er flaks, for det er det einaste eg har.)

Nytt år, ny leilegheit, ny by og definitivt nye moglegheiter, ikkje minst fordi eg i morgon startar i ny jobb. Eg må innrømma at det er ei skrekkblanda fryd eg sit her med, men eg gler meg meir enn eg kvir meg.

Eg innviar herved den nye leilegheita med eit ønskje om mange besøk og mykje liv mellom veggane:


Den som tar imot en venns hilsen, den som deler en venns bolig, den som nyter en samtale med en venn, han er den lykkeligste på jorden. - Hitopadesha